Samarbeid

Fagspråksenteret skal fremje samarbeid mellom ulike forskingsmiljø knytt til norsk språk, både med omsyn til geografi, sektorar og forskingsfelt. Gjennom institusjonelt samarbeid skal senteret samordne ein nasjonal innsats for norsk fagspråk.

UiB er prosjektansvarleg og skal koordinere arbeidet ved senteret. Deltakande forskingsinstitusjonar er Høgskolen i Østfold (HiØ), Høgskulen på Vestlandet (HVL), Høgskulen i Volda (HVO), Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) og Universitetet i Agder (UiA), som alle har strategiar som understøttar aktivitetane i senteret.

Heile 48 forskarar, inkludert ni i rekrutteringsstillingar, skal drive innovativ framtidsretta forsking som styrker berekrafta i norsk språkvitskap med relevans for norsk fagspråk og flyttar forskingsfronten framover.

Vel 40 brukarpartnarar skal på ulike måtar bidra i forskinga og til spreiing og bruk av kunnskap frå senteret. Blant dei er både eit vidt nett av brukarpartnarar frå den offentlege sektoren og enkeltaktørar frå næringslivet. 

For å utnytte moglege synergiar i den nasjonale satsinga på norsk fagspråk, vil Fagspråksenteret òg samordne aktivitetar med Senter for norsk fagspråk – i bruk ved Universitetet i Oslo (UiO) gjennom prosjektperioden.

Universitetet i Bergen (UiB) forvaltar sentrale nasjonale ressursar og infrastruktur knytt til Språksamlingane ved Universitetsbiblioteket (UBB): Termportalen, Stadnamnportalen, Bokmålsordboka, Nynorskordboka, Norsk Ordbok (NO) og CLARINO. Fagspråksenteret skal maksimere potensialet for synergi som ligg i å kunne dra nytte av eksisterande ekspertise og ressursar, og slik bli eit nav i norsk språkvitskap. 

 

Sist oppdatert: 24.10.2025