Dei overordna forskingsspørsmåla her er:
- Kva kjenneteiknar individets bruk og læring av fagspråk i ein- og fleirspråklege kontekstar, i forsking, utdanning og arbeidsliv?
- Kva for faktorar påverkar bruken av norsk fagspråk spesielt, og vilkåra for å lære norsk fagspråk i ulike arbeidslivs- og utdanningskontekstar?
- Kva er konsekvensane for enkeltindividet av å tileigne seg eller ikkje tileigne seg fagspråkleg kompetanse?
- Kva for tiltak kan styrke parallellspråklege praksisar og vilkåra for å bruke norsk fagspråk på tvers av utdannings- og arbeidslivskontekstar?
Personar
Leiar for fokusområdet Fagspråk i utdanning og arbeidsliv:
Ann-Kristin Helland Gujord
Nestleiar:
Trude Bukve (ekstern lenke)
Medlemmar:
Verónica Pájaro (ekstern lenke)
Kjersti Faldet Listhaug (ekstern lenke)