Saman med senterforskinga vil utdanningstilboda bidra til å sikre berekraftige miljø i norsk språkvitskap og til å utvikle og tilgjengeleggjere terminologi.
Studietilboda vil omfatte forskarutdanning i form av sommarskular med ph.d.-kurs og samarbeid om forskarkurs i Norden og Europa. Innan 2029 skal senteret
også utvikle studietilbod på minst 15 studiepoeng i dei tre disiplinane terminologi/fagspråk, leksikografi og namnegransking,
Senteret skal utvikle pedagogiske/didaktiske kurs for tilsette i universitet- og høgskulesektoren, og kurs spissa mot behova til ulike yrkesgrupper i senterdisiplinane, som helse- og omsorgsarbeidarar, tilsette i etatar som har ansvar for digitalisering og omgrepsharmonisering, namneforvaltarar, lærarar i skule, vaksenopplæring og høgare utdanning ofl.
I 2026 blir det oppretta ein nasjonal nettportal der utdanningstilbod blir lette å finne.
Personar
Leiar:
Mona Vervik Uthaug