Namnegransking

Eit viktig mål for fokusområdet Namnegransking er å etablere kunnskap og kompetanse som kan støtte opp under offentleg forvalting av namn. Namnegransking som grunnforsking skal difor styrkast og nye metodar utviklast.

Forskinga i fokusområdet omfattar i hovudsak personnamn og stadnamn i Noreg. Mindre studiar av andre namnetypar kan òg vere aktuelle, t.d. bedrifts- og institusjonsnamn, varenamn og dyrenamn. 

Sentrale spørsmål er:

  • Korleis er samspelet mellom forsking, lovverk og forvalting?
  • Korleis foregår utvikling og forvalting av stadnamn i byar og tettstader, med fokus på dei siste tiåra?
  • Korleis kan namn som kjeldemateriale bidra til ny innsikt i allmenne språkvitskaplege problemstillingar, som historiske endringar i norsk og dialektgrenser i eldre tid?
  • Korleis utviklar norsk personnamnbruk seg utover 1900-talet, med ei stadig meir fleir-kulturell befolkning?

Personar

Leiar:
Peder Gammeltoft

Nestleiar:
Ivar Berg  (ekstern lenke)

Medlemmar:
Stian Hårstad (ekstern lenke) 

Ivar Utne 

 

 

 

Sist oppdatert: 16.12.2025