Konferanser og seminarer

Språk som kvalitet i utdanninga - Behov for norsk fagspråk for studentar


15. april frå klokka 10 til 11 inviterer Fagspråksenteret til nettseminar saman med Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, Språkrådet, og Termportalen ved Universitetet i Bergen.

Om arrangementet

Kva krav stiller vi eigentleg til språkkompetanse hos studentane, og stemmer dei overeins med realitetane i høgare utdanning?

Dette seminaret utforskar den rolla det norske fagspråket har i studieløpet. Studentane kjem inn i utdanninga med ulik språkleg bakgrunn, medan studium og profesjonsløp kan krevje at studentane meistrar akademisk norsk og engelsk, og at dei har gode kommunikative ferdigheiter i tillegg.

Gjennom korte faglege innlegg ser vi på korleis dette påverkar lesinga, skrivinga og den faglege utviklinga til studentane. NSO bidreg med studentane sitt perspektiv.

Nærare program for nettseminaret vil bli lagt ut her når det er klart, men du kan melde deg på allereie no.