Det er avgjerande med ein samla forskingsinnsats mot domenetap for norsk. Ved domenetap trenger eitt språk gradvis ut eit anna frå eit domene, og i Noreg er det i hovudsak engelsk som fortrenger norsk. Engelskdominansen vitnar om at norsk er svekt som samfunnsberande språk. Slike forhold har potensielt negative følger for demokrati, tillit og beredskap. Dei hemmar ikkje berre individet, men er til skade for samfunnsfunksjonar.
For at norsk skal kunne oppretthaldast som eit fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg, la regjeringa i 2023 fram ein handlingsplan for norsk fagspråk i akademia (ekstern lenke). Der er det overordna målet at «domenetapet til engelsk skal motverkast og etter kvart bli snudd», og universitets- og høgskulesektoren (UH-sektoren) er peikt ut som sentral for å motarbeide domenetap.
Ny kunnskap om vilkår for bruk og læring av norsk fagspråk i utdanning og arbeidsliv er påkravd for å kunne identifisere tiltak som kan snu utviklinga. Domenetap i høgare utdanning kan føre til at norsk fagspråk òg taper terreng i grunnskule og vidaregåande opplæring, og til ulik tilgang til informasjon som mogleggjer medborgarskap, demokratisk deltaking og myndiggjering. Me kan ikkje lenger ta for gitt at barn og unge gjennom utdanning blir sosialisert inn i norsk fagspråk
Handlingsplanen framhevar ein berekraftig norsk språkvitskap som premiss for styrking av norsk fagspråk. Planen peikar på at Noreg har små og fragmenterte miljø med svak rekruttering i terminologi, leksikografi, namnegransking og språkteknologi. Terminologi og fagspråk er grunnsteinar for forsking, utdanning og fagutøving. Styrkt leksikografisk kompetanse er avgjerande for vidareutvikling av ordbøker som verktøy for språkleg samfunnsdeltaking. Dokumentasjon og kompetanse i namnegransking er nødvendig for offentleg forvalting av stad- og personnamn. Språkteknologien er uunnverleg i moderne språkforsking og utvikling av språkverktøy til nytte for samfunn og enkeltmenneske.
Fagspråksenteret skal gjennom institusjonelt samarbeid samordne ein nasjonal innsats på desse områda. Universitetet i Bergen har forskingsekspertise på alle desse felta og forvaltar i tillegg sentrale nasjonale ressursar og infrastruktur knytt til Språksamlingane ved Universitetsbiblioteket: Termportalen, Stadnamnportalen, Bokmålsordboka, Nynorskordboka, Norsk Ordbok og CLARINO.