Fagspråk i utdanning og arbeidsliv

Forskarane knytte til dette fokusområdet har eit særleg ansvar for å levere eit kunnskapsgrunnlag for utforming av nasjonal språkpolitikk og for å formulere forslag til tiltak for styrkje norsk fagspråk i utdanning og arbeidsliv.

Dei overordna forskingsspørsmåla her er: 

  • Kva kjenneteiknar individets bruk og læring av fagspråk i ein- og fleirspråklege kontekstar, i forsking, utdanning og arbeidsliv?
  • Kva for faktorar påverkar bruken av norsk fagspråk spesielt, og vilkåra for å lære norsk fagspråk i ulike arbeidslivs- og utdanningskontekstar?
  • Kva er konsekvensane for enkeltindividet av å tileigne seg eller ikkje tileigne seg fagspråkleg kompetanse?
  • Kva for tiltak kan styrke parallellspråklege praksisar og vilkåra for å bruke norsk fagspråk på tvers av utdannings- og arbeidslivskontekstar? 

Personar

Leiar for fokusområdet Fagspråk i utdanning og arbeidsliv:
Ann-Kristin Helland Gujord

Nestleiar:
Trude Bukve  (ekstern lenke)

Medlemmar:
Verónica Pájaro  (ekstern lenke)

Jan Svennevig (ekstern lenke) 

Kjersti Faldet Listhaug (ekstern lenke) 

Ingvild Nistov 

Janus Mortensen (ekstern lenke)

Eli Bjørhusdal

Magnhild Selås (ekstern lenke) 

Sist oppdatert: 17.11.2025