UiB er prosjektansvarleg og skal koordinere arbeidet ved senteret. Deltakande forskingsinstitusjonar er Høgskolen i Østfold (HiØ), Høgskulen på Vestlandet (HVL), Høgskulen i Volda (HVO), Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) og Universitetet i Agder (UiA), som alle har strategiar som understøttar aktivitetane i senteret.
Heile 48 forskarar, inkludert ni i rekrutteringsstillingar, skal drive innovativ framtidsretta forsking som styrker berekrafta i norsk språkvitskap med relevans for norsk fagspråk og flyttar forskingsfronten framover.
Vel 40 brukarpartnarar skal på ulike måtar bidra i forskinga og til spreiing og bruk av kunnskap frå senteret. Blant dei er både eit vidt nett av brukarpartnarar frå den offentlege sektoren og enkeltaktørar frå næringslivet.
For å utnytte moglege synergiar i den nasjonale satsinga på norsk fagspråk, vil Fagspråksenteret òg samordne aktivitetar med Senter for norsk fagspråk – i bruk ved Universitetet i Oslo (UiO) gjennom prosjektperioden.
Universitetet i Bergen (UiB) forvaltar sentrale nasjonale ressursar og infrastruktur knytt til Språksamlingane ved Universitetsbiblioteket (UBB): Termportalen, Stadnamnportalen, Bokmålsordboka, Nynorskordboka, Norsk Ordbok (NO) og CLARINO. Fagspråksenteret skal maksimere potensialet for synergi som ligg i å kunne dra nytte av eksisterande ekspertise og ressursar, og slik bli eit nav i norsk språkvitskap.