Språkteknologi

Fokusområdet Språkteknologi skal bidra til å integrere moderne språkteknologiske metodar i fagfelta knytt til dei andre fokusområda. Dette støttar senteret sitt felles mål om å styrke både dei einskilde fagdisiplinane og koplingane mellom dei.

Det overordna forskingsspørsmålet for fokusområdet er: 

  • Kva typar data og språkteknologiske modellar er nødvendige og tilstrekkelege for å løyse spesifikke oppgåver innan Fagspråksenterets forskingsinteresser på dei andre fokusområda? 

Konkret vil me utvikle datasett som er avgjerande for språkmodellar som spesifikt meistrar norsk. Dette inkluderer å lage treningsdata tilpassa senteret sine fagfelt, referansedata for evaluering, og instruksjonsdata. Slike data må vere av høg kvalitet, tydelege, konsekvente, og må dekke eit breitt spekter av relevante språklege fenomen og oppgåver. 

Ut frå desse dataa skal me evaluere korleis eksisterande (og framtidige) språkmodellar presterer på oppgåver knytte til relevante forkusområde. Me skal ikkje trene eigne modellar, men ved å analysere kva mønster modellane har lært og kva dei feilar på, kan me kome med konkrete framlegg til forbetringar av datasett, instruksjonar til modellane og òg modellane sjølve. 

Personar

Leiar: 
Samia Touileb 

 

 

 

Sist oppdatert: 24.02.2026