Bylov og byliv
I 2026 feirar Magnus Lagabøters bylov 750-års jubileum, og i den anledning arrangerer Mellomalderklynga konferansen Bylov og Byliv den 22.-23. september.
Magnus Lagabøters bylov teiknar eit levande bilete av Bergen i høgmellomalderen, og den er ei av våre viktigaste kjelder som skildrar styringa, reguleringa og aktivitetane i norske byar i denne perioden.
Bylova av 1276 var eit viktig ledd i Magnus Lagabøters revisjon av norsk rett i høgmellomalderen, ei utvikling som har fått stor offentleg merksemd i Noreg. Dei særskilde tilhøva i dei norske byane gjorde det nødvendig med ei eiga bylov, slik som elles i Europa. Når ein les Bylova slik den er skriven for Bjørgvin, så kjenner ein tydeleg att Bergens geografi og historiske landemerke.
Overordna tema for konferansen er Bylov og byliv, og med ein tydeleg tverrfagleg profil er målet å utforske livet i byen Bergen i høgmellomalderen med utgangspunkt i nyaste forsking på Bylova og andre mellomalderkjelder.
Konferansen er open for alle interesserte!
Tirsdag 22. september
Sesjon 1. Bylandskap og den fysiske byen
Chair: Åslaug Ommundsen
09:15-10:00
Innleiande foredrag – Byens fysiske struktur, ved Geir Atle Ersland, professor emeritus i mellomalderhistorie ved Universitetet i Bergen
10:00-10:30
Kyrkjene sitt indre landskap på 1200-talet, ved Justin Kroesen, professor i kulturhistorie ved Universitetet i Bergen og leiar for kyrkjekungstsamlinga ved Universitetsmuseet i Bergen
10:30-10:45
Kaffipause
10:45-11:15
Eigedomsgrenser i byen – ei rettsleggjering av landskapet, ved førstelektor Lars Kvestad (ekstern lenke) ved Høgskulen på Vestlandet
11:15-11:45
Kyrkjelandskapet i Bergen med eit lydformidlande perspektiv, ved Alf Tore Hommedal, professor i mellomalderarkeologi ved Universitetet i Bergen
11:45-12:05
Spørsmål
12:05-13:00
Lunsj (på eiga hand)
Sesjon 2. Menneska i byen
Chair: Irene Baug
13:00-13:45
Innleiande foredrag – rik og fattig i mellomalderens Bergen, ved Miriam Tveit (ekstern lenke), førsteamanuensis i rettshistorie ved Nord Universitet
13:45-14:15
Matkultur i mellomalderen, ved Jens Eike Schnall, førsteamanuensis i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen
14:15-14:45
Hanseatane sitt spirituelle liv i Bergen, ved Embla Aae (ekstern lenke), forskar i historie ved Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene
14:45-15:00
Kaffipause
15:00-15:30
Forholdet mellom Landslova og Bylova, ved Else Mundal, professor emerita i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen
15:30-16:00
Eldstadar og omnar; matteknologi i mellomalderens Bergen, ved Mathias Blobel, PhD-stipendiat i arkeologi ved Universitetsmuseet i Bergen
16:00-16:25
Spørsmål
16:25-16:45
“… ok segir þat er eigi greinir í Landsbókenne.” - Bylovsjubileet 1276-2026: Digital utstilling ved Universitetsbiblioteket, ved Robert Kristof Paulsen, overingeniør og norrøn filolog, Universitetsbiblioteket, Universitetet i Bergen
Onsdag 23. september
Sesjon 3. Makt og styring
Chair: Embla Aae
09:00-09:45
Innleiande foredrag: Kvifor treng byen ei eiga lov? Magnus Lagabøters bylov i forhold til Landslova, ved Brage Thunestvedt Hatløy (ekstern lenke), førsteamanuensis ved Det juridiske fakultet ved UiT Norges Arktiske Universitet
09:45-10:15
Bylovgjeving i ein europeisk kontekst, ved Geir Atle Ersland, professor emeritus i mellomalderhistorie ved Universitetet i Bergen
10:15-10:30
Kaffipause
10:30-11:00
Året i byen - “årshjulet” i Bylova, ved Arne Solli, førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Bergen
11:00-11:30
Bergen 1585: Landslov og Bylov for Bergen på nedertysk, ved Tom Lorenz, prosjektmedarbeider ved Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene
11:30-11:50
Spørsmål
11:50-12:50
Lunsj (på eiga hand)
Sesjon 4. Kommunikasjon og nettverk
Chair: Kirsi Salonen
12:50-13:35
Innleiande foredrag, “Handskrifter og utgåver av Magnus Lagabøtes bylov og farmannslov: Magnus Rindal, professor emeritus i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo
13:35-14:05
Handelskontaktar i mellomalderens Bergen, ved Volker Demuth (ekstern lenke), forskar i arkeologi ved Arkeologisk Museum ved Universitetet i Stavanger
14:05-14:35
Kong Håkons borgerrett (borgara réttr) av c. 1300: Ei vidareføring av eldre gildeskråer? Ved Stefan Drechsler, forskar i nørrøn filologi ved Universitetet i Bergen
14:35-14:50
Spørsmål
14:50-15:15
Panelsamtale: Denne avsluttande panelsamtalen vil ta opp hovudtema frå konferansen. Anna Elisa Tryti frå Vestland fylkeskommune og Embla Aae frå Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene vil leie samtalen.
Paneldeltakarar:
- Geir Atle Ersland, professor emeritus i mellomalderhistorie ved Universitetet i Bergen
- Brage Thunestvedt Hatløy (ekstern lenke), førsteamanuensis ved Det juridiske fakultet ved UiT Norges Arktiske Universitet
- Else Mundal, professor emerita i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen
- Miriam Tveit (ekstern lenke), førsteamanuensis i rettshistorie ved Nord Universitet
- Volker Demuth (ekstern lenke), forskar i arkeologi ved Universitetet i Stavanger
15:15
Avslutning
Relatert innhold
Arrangementet er ein del av Middelalderuken 2026.