Polyfon-konferansen 2026
Polyfon-konferansen 2026 går over to dagar – først ein felles konferansedag, deretter ein seminardag der ulike fagfelt og nettverk møtest parallelt for påfyll og erfaringsutveksling. Musikk inngår sjølvsagt også i pakka, med konsert kvelden før konferansedagen. Velkomne til tverrfagleg dialog!.
Polyfon-konferansen er ein årleg møteplass for inspirasjon, kunnskapsformidling, erfaringsdeling, dialog og diskusjon.
Vi inviterer både brukarar, praktikarar, studentar, forskarar, politikarar og leiarar til ein open og tverrfagleg dialog om korleis musikk kan vere ein ressurs i kvardag og klinikk.
Konferansen er tverrfagleg og inneheld plenumssesjonar, plakatpresentasjonar (posterutstilling) og parallellsesjonar. Bidraga byggjer på forsking, praksiserfaring og/eller brukarerfaring. Musikkinnslag høyrer sjølvsagt også med!