Ein smakebit av musikkterapi

«Ein smakebit av musikkterapi» er eit gratis innføringskurs som klynga arbeider med å byggje opp, etter forslag frå Polyfons Erfaringspanel. Kurset er under utvikling.

Lurer du på kva musikkterapi er?

Polyfon utviklar kurset "Ein smakebit av musikkterapi"  i samarbeid med Norsk forening for musikkterapi (NFMT). Kurset handlar om korleis og kvifor musikk kan vere terapeutisk og brukast som ein helseressurs.

Kursopplegget har to delar: eit digitalt kurs og eit fysisk kurs. Begge delar er gratis, og innhaldet i dei to delane utfyller kvarandre. Du vil sjølv kunne velje om du følgjer det digitale kurset, det fysiske kurset eller begge delar. Vi tilrår begge delar.

Det digitale kurset har fem modular og blir lansert i seint 2026 eller tidleg 2027. Fysiske kurs på rundt fem timar blir haldne når vi har finansiering.

Musikkterapi gir moglegheiter for deltaking og utfalding, både for dei som har mykje og dei som har lite erfaring med musikk frå før.

Informasjon om det digitale kurset

Det digitale kurset inneheld tekst, bilete, videoar og lenker, og er delt inn i fem modular:

  • Introduksjon til musikkterapi
  • Musikkterapi i barn og unges oppvekst
  • Musikkterapi, psykisk helse og rus
  • Musikkterapi og eldrehelse
  • Brukarmedverknad i og gjennom musikkterapi

Kurstilboda er for deg som ønskjer å vite litt meir om musikkterapi – fordi du vil prøve eit tilbod, fordi du samarbeider med eller vil tilsetje ein musikkterapeut, fordi du vil søkje utdanning i faget, eller berre fordi du er litt nysgjerrig. Målet er at du skal få nok kunnskap og forståing til å ta stilling til om dette er noko du vil ha meir av.

Mange har vore med å bidra

Mykje arbeid over tid ligg bak utviklinga av dei nye kurstilboda. Vi takkar Polyfons erfaringspanel, erfaringskonsulentar i Oslo kommune, fagpersonar hos Polyfons klyngedeltakarar og Nasjonalt nettverk for musikkterapi i rus og psykisk helse for gode innspel og bidrag i prosessen.

Kurset er utvikla i samarbeid med Norsk forening for musikkterapi (NFMT).

Besøk Norsk forening for musikkterapi (ekstern lenke).

Sist oppdatert: 31.08.2026