Om konferansen 2025
Polyfon-konferansen 2025 samla fagfolk, forskarar og praktikarar innan musikkterapi. Konferansen vart halden 14. november på Høgskulen på Vestlandet, campus Kronstad.
Konferansetemaet "Musikk på tvers" vart tolka på fleire måtar, m.a. på tvers av fag, på tvers av kompetansar, på tvers av praksisar og på tvers av sektorar. Det vart invitert til kritikk, refleksjon, samtale og diskusjon.
Glimt frå konferansen
Polyfon-konferansen 2025 gav rom for presentasjonar av og diskusjonar om det faglege utviklingsarbeidet i klynga.
Konferansen tok utgangspunkt i følgjande paradoks: Interessa for samanhengar mellom musikk, helse og samfunn er stor og musikkterapi er tilrådd i fleire nasjonale faglege retningslinjer. Likevel er det eit stykke fram før musikkens kraft er tatt i bruk på ein systematisk og kunnskapsbasert måte i samfunnet.
Korleis kan vi styrke samarbeidet om formidling, praksisutvikling, forsking og utdanning? Dette spørsmålet vart belyst på fleire måtar gjennom konferansedagen, og avslutta med ein perspektivrik paneldiskusjon om framtida til fagfeltet.
Nytt av året var ein eigen møteplass for uformell erfaringsdeling og diskusjon. Det fungerte, så det prøver vi igjen i 2026.
Dagen før var det interessante fagdagar og ein flott Polyfon-konsert. Det fungerte også godt, så i 2026 lagar vi eit heilskapleg konsept for ein todagars konferanse!
Program og samandrag – filer til nedlasting
Her finn du lenke til programfoldar og samandrag.
Kopi av presentasjonar
Vi har fått løyve til å dele nokre av powerpoint-presentasjonane frå konferansen, desse er no tilgjengelege for nedlasting:
- 10 års fleirstemd samarbeid: Kva har vi lært? Kva har vi gjort?
- Demens, språk og musikk: foreløpige resultater fra en scoping review
- «Memory for Music»: Kan personer med Alzheimers sykdom lære nye låter?
- Muligheter og utfordringer ved brukermedvirkning i forskningsprosjektet FALCO
- Musikkollektivet for seniorer
- Musikkterapi i pedagogiske kontekster - hva slags forskning trenger vi?