Last ned prosjektplanen
Heile prosjektplanen for OPPTAKT er tilgjengeleg som PDF.
Om prosjektet OPPTAKT (2026-2028)
Prosjektet OPPTAKT er gjort mogeleg av ei raus tildeling frå Agenda Vestlandet – stiftinga frå Sparebanken Norge. OPPTAKT skal bidra til at fleire får tilgang til musikkterapi og andre helserelaterte musikktilbod. Dersom du er knytt til ein av klyngedeltakarane i Polyfon, kan du bidra til og sjølv dra nytte av nye faglege mogelegheiter.
Prosjektet skal mellom anna:
- støtte og stimulere brukar- og pårørandemedverknad i alle faglege utviklingsprosessar
- lyse ut midlar til formidlingsstøtte
- lyse ut midlar til utviklingsstøtte for praksis og tenester
- lyse ut midlar til forskingsstøtte
- støtte og stimulere nye kompetansebyggjande tiltak
Bakgrunn
Etter at Polyfons strategi blei vedtatt i 2024, nedsette styringsgruppa ei arbeidsgruppe som fekk i oppgåve å greie ut ulike tiltak som kunne sikre fagleg og økonomisk handlekraft til å arbeide med visjon og målsettingar. Utvikling av ein modell for regionale knutepunkt var eitt av forslaga arbeidsgruppa la fram, og i desember 2024 vedtok styringsgruppa at ein skulle prøve ut dette.
Prosjektet fekk namnet OPPTAKT, då målet er at det skal bidra til nasjonal oppskalering av musikkterapi, slik at musikk som helseressurs blir tilgjengeleg for fleire av dei som treng det og ønskjer det. Intensjonen er at regionane midt og nord vil bli del av eit seinare prosjekt, dersom OPPTAKT blir vellukka og det er interesse i midt og nord.
Knutepunktmodellen
Eit regionalt knutepunkt i Polyfon-samanheng skal ha fokus på å utvikle tilbod og tenester innan musikkterapi og tilgrensande praksisar, supplert og støtta av forsking og utviklingsarbeid, brukar- og pårørandemedverknad og kompetanseoppbygging.
For å realisere dette, skal det treårige prosjektet OPPTAKT:
- etablere ein funksjon som regional fagkoordinator i regionane sør, aust og vest
- rekruttere om lag seks eller fleire klyngedeltakarar i kvar region, fortrinnsvis med minst ein deltakar frå akademia, ein frå spesialisthelsetenesta og ein frå kommunesektoren, gjerne også andre aktørar
- byggje eit systematisk samarbeid mellom dei aktuelle klyngedeltakarane, innan kvar region og gjerne også mellom dei ulike regionane
- etablere samarbeid som sikrar systematisk brukar- og pårørandemedverknad
Polyfons tre regionale knutepunkt
Dei tre regionale knutepunkta i prosjektet OPPTAKT ligg i regionane sør, aust og vest. Ansgar høyskole (Kristiansand) har tatt på seg ansvar for å koordinere samarbeidet i sør, Noregs musikkhøgskole i aust og Universitetet i Bergen i vest.
Bildet over er frå ein Polyfon-konferanse i Kristiansand i juni 2026 og viser frå venstre: Marie Skånland (Polyfons fagkoordinator for region sør), Hans Petter Paulen Solli (Polyfons fagkoordinator for region aust), Brynjulf Stige (Polyfons klyngeleiar), Silje Rasmussen Sandnes (nestleiar i Polyfons Erfaringspanel), Kaja Elise Åslid Enge (Polyfons fagkoordinator for region vest).