Nøkkelsider
- Kunnskapsbeskrivingar – effektar og opplevingar av musikkterapi
- Ein smakebit av musikkterapi – gratis innføringskurs (under arbeid)
- Musikkterapodden – podkast med ulike blikk på musikkterapi
- Polyfons lenkesamling – oversikt over viktige nettressursar
- Utdanningstilbod innan musikkterapi og musikk og helse i Noreg
Korleis ser praksis ut?
Musikkterapi blir brukt på tvers av aldrar og livssituasjonar, i fleire ulike praksiskontekstar. Deltakaren sine føresetnader og preferansar pregar praksis i stor grad, så breidda i praksisfeltet er stort. Musikkterapeutar arbeider gjerne med helse i brei forstand, ikkje berre som fråvær av sjukdom, men også som læring og meistring og det å kunne delta i samfunnet. Praksis fokuserer ofte meir på ressursar enn problem og patologi.
Somme av dei som deltar i musikkterapi har ein god del musikalsk erfaring frå før, men du treng ikkje å ha det. For å delta i musikkterapi treng du ikkje å vere flink i musikk i tradisjonell forstand, så lenge du kan ha glede av musikk, gjennom lytting, synging, speling eller annan musikalsk aktivitet.
Samarbeidet mellom musikkterapeut og deltakar er som regel ein viktig dimensjon, der du kan lære noko om deg sjølv i relasjon til andre. Tilsvarande er samspelet mellom gruppedeltakarar viktig i dei tilfelle det er snakk om gruppetilbod.
Kva handlar faget om?
Musikkterapi som fag omfattar studiet av samanhengar mellom musikk og helse, inkludert samanhengar der musikk kan vere helseskadeleg eller mindre verknadsfullt. Mykje forsking og fagutvikling fokuserer på praksisrelevante tema, der ein t.d. undersøkjer effekten av ulike tiltak eller deltakarane si oppleving av tilbod.
Fagfeltet er likevel ikkje avgrensa til studiet av praksisen til musikkterapiprofesjonen, men er ein tverrfagleg møtestad mellom fagtradisjonar innan t.d. kunst, humaniora, pedagogikk, psykologi, medisin og samfunnsvitskap. Grunnforsking om musikk og hjernen på den eine sida og studiar av musikk som kvardagsressurs i lokalsamfunnet på den andre eksemplifiserer breidda i feltet.
I Noreg er musikkterapi etablert som fag på universitetsnivå ved Universitetet i Bergen og ved Norges musikkhøgskole, men musikkterapirelatert forsking skjer også ved fleire andre universitet og høgskular.
Vil du bli musikkterapeut?
I Noreg som i dei fleste europeiske land er mastergrad i musikkterapi det grunnleggjande kompetansenivået for musikkterapeutar. Du kan ta ein femårig integrert master ved Griegakademiet (UiB), eller ein toårig master ved Noregs musikkhøgskole etter ei godkjend grunnutdanning. Begge stader finst det også ph.d.-utdanning.