Profesjonsutdanning i musikkterapi
I Noreg, som i dei fleste europeiske land, er master i musikkterapi det grunnleggjande kompetansenivået for musikkterapeutar:
- Griegakademiet (UiB) tilbyr ein femårig integrert master i musikkterapi. Innpassing er mogeleg for studentar med relevant grunnutdanning på universitetsnivå.
- Noregs musikkhøgskole tilbyr ein toårig master i musikkterapi (ekstern lenke) etter ein bachelorgrad med minimum eitt år musikk og helse (ekstern lenke).
Ph.d.-utdanning i musikkterapi
Ph.d.-utdanning i musikkterapi er etablert både ved Griegakademiet (UiB) og Noregs musikkhøgskole (NMH):
- Ved UiB er doktorgradsutdanninga i musikkterapi knytt til ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet, med forskaropplæringa knytt til den regionale forskarskulen Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies (ekstern lenke).
- Ved NMH er doktorgradsutdanninga i musikkterapi knytt til eit ph.d.-program innan oppføringspraksis, musikkpedagogikk og musikkterapi (ekstern lenke).
Bachelor i musikk og helse
Ein bachelor i musikk og helse kan kvalifisere til ulike helserelaterte musikkpraksisar og også til opptak ved profesjonsutdanningane i musikkterapi ved Universitetet i musikkterapi og Noregs musikkhøgskole.
- Ansgar høyskole tilbyr bachelor i musikk og helse (ekstern lenke).
Delemne og vidareutdanningstilbod innan musikk og helse
Kunnskap om musikk som helse er relevant også for deg som ikkje vel å ta ei profesjonsutdanning i musikkterapi. Det gjev både ny forståing og nye reiskapar, og det byggjer grunnlag for tverrfagleg og tverrprofesjonelt samarbeid.
- Nord universitet har etablert emna Musikkbasert miljøbehandling (ekstern lenke) (15 studiepoeng) og Kunst og kultur i helse og omsorg (ekstern lenke) (15 studiepoeng).
- Norges musikkhøgskole har etablert Årseining i musikk og helse (ekstern lenke) (60 studiepoeng) på heiltid eller deltid. Årseininga kan brukast som del av grunnlaget for opptak til toårig master i musikkterapi, eller som ei vidareutdanning.
- NTNU, Institutt for helsevitenskap, Gjøvik har etablert emnet Musikkbasert miljøbehandlin (ekstern lenke)g (15 studiepoeng).
- Universitetet i Agder og Ansgar høyskole samarbeider om Videreutdanning i musikk, kultur og helse (ekstern lenke) (30 studiepoeng).
- Universitetet i Bergen, Griegakademiet har etablert valemnet Musikk og hjerne (15 studiepoeng) og vidareutdanningstilbodet Musikk som verktøy i førebyggjande arbeid med barn og unge, del 1 (5 studiepoeng) og del 2 (5 studiepoeng).