Musikkterapi (integrert master)
Er du interessert i å jobbe med menneske og utforske samanhengen mellom musikk og helse? På masterstudiet i musikkterapi lærer du å bruke musikk som helseressurs i arbeid med menneske med ulike utfordringar og sjukdomar.
- Varigheit
- 5 år
- Studieplassar
- 14
- Studiepoeng
- 300
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk
Kva lærer du?
Som musikkterapistudent arbeider du både med musikalsk samhandling, mellommenneskeleg relasjonar, og evne til å legge til rette for musikkaktivitetar både som ein kvardagsressurs og som ein måte å kople seg på eksisterande kultur- og samfunnsliv. Gjennom studiet lærer du:
- Å leggje til rette for helsefremmande musikkutfalding.
- Å grunngje, vidareutvikle og formidle eige arbeid til andre fagpersonar, brukarar og pårørande.
- Å utvikle evne til kritisk refleksjon med utgangspunkt i tileigning av sentrale verdiar og teoriar innan fagområdet.
- Å utvikle evner innan forskingsmetodikk og akademisk skriving.
Det 5-årig integrerte programmet gjev deg høve til å kombinere interessa for musikk og helse. Studiet passar for deg som vil lære meir om terapeutisk relasjonsarbeid, korleis musikk kan brukast i ulike helsekontekstar, og korleis musikk kan nyttast som ein pådrivar til auka samfunnsdeltaking.
Studiekvardag
Masterstudiet i musikkterapi er eit fulltidsstudie der ein tar 30 studiepoeng kvart semester. Som musikkterapistudent vert du engasjert i eit kreativt, oppegåande og aktivt studentmiljø. Du vil oppleve eit stimulerande fagmiljø som er sentral innan nasjonal og internasjonal forsking på musikkterapi.
Studiestaden er ærverdige Griegakademiet, og her syder det av musikk, læring, og sosiale aktivitetar frå morgon til kveld. På musikkterapistudiet blir du kjent med humanistiske, psykologiske, musikkfaglege og musikkterapeutiske emne.
Undervisningsformene inneheld mellom anna førelesningar, gruppeundervisning, workshops, skrive- og leseseminar, individuell- og grupperettleiing. I tillegg får du innblikk i kva det musikkterapeutiske arbeidet inneberer gjennom ulike praksisperiodar. Du har moglegheit for eit semester utveksling, og ein praksisperiode i utlandet.
Kva kan du jobbe som?
Ein ferdig utdanna musikkterapeut vil kunne jobbe i ulike helse- og pedagogiske kontekstar gjennom alle livsfasar. Studiet gjer studentane skikka til å gå inn i mellom anna:
- Musikkterapeutisk og utviklingsstøttande arbeid innan førskule, skule, kulturskule og vaksenopplæring.
- Musikkterapeutisk og førebyggjande arbeid innan ulike miljøtiltak, som barne- og ungdomsarbeid, fengsel og ulike typar interesseorganisasjonar.
- Musikkterapeutisk arbeid innen helsevesenet, inklusivt habilitering, nevrorehabilitering, psykisk helsevern, psykisk helsearbeid, rusomsorg, eldreomsorg og palliativ omsorg.
- Forskning
Opptakskrav og søknadsfrist
I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.
I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.
Generell studiekompetanse i tillegg til opptaksprøve.
I tillegg til generell studiekompetanse må søkarar gjennom ein opptaksprøve for å kvalifisere til opptak. Les mer om våre opptaksprøver (ekstern lenke)
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Studiets oppbygging
Studiet er bygd opp av ulike terapeutiske, musikalske og teoretiske emne. I løpet av studiet møter du emne innafor musikkterapi, musisering, psykologi, humaniora og samfunnsvitskap. Du vil òg få praksiserfaring gjennom fem ulike praksisperiodar. Studiet blir avslutta med ei masteroppgåve på 30 studiepoeng.
1. sem
Ex.phil / Examen philosophicum (10)
LES100 / Les og skriv (10)
MUTP100 / Innføring i musikkterapi (10)
2. sem
MUTP103 / Musikkterapiteori (10)
MUTP104 / Musikkering (10)
MUTP105 / Samspel i musikkterapi (10)
3. sem
MUF101 / Musikk, kultur og samfunn
MUTP102 / Musikkterapeutisk bruksmusikk
MUTP130 / Profesjonsførebuande: Tverrfagleg kommunikasjonkompetanse (5)
PSYK130 / Innføring i psykologi (10)
4. sem
MUTP205 / Innføring i musikkterapeutisk praksis (15)
MUF101 / Musikk, kultur og samfunn (15)
MUTP102 / MT bruksmusikk (15)
5. sem
30 frie studiepoeng
6. sem
MUTP202 / Samfunnsmusikkterapi (15)
MUTP206 / Musikkterapeutisk teoriutvikling (10)
MUTP207 / Kreativ stemmebruk i musikkterapi (5)
7. sem
MUTP312 / Musikkterapeutisk forskingsmetode (15)
MUTP305 / MT i helsesektoren I
MUTP302 / MT improvisasjon
8. sem
MUTP300 / Musikkterapi i barn og unges oppvekst (15)
MUTP305 / MT i helsesektoren I (15)
MUTP302 / MT improvisasjon (15)
9. sem
MUTP350 / Masteroppgåve
MUTP306 / MT i helsesektoren II
MUTP303 / MT profesjonskunnskap
10. sem
MUTP350 / Masteroppgåve (30)
MUTP306 / MT i helsesektoren II (15)
MUTP303 / MT profesjonskunnskap (15)
Det er òg mogleg å søke opptak til Forskarlinja frå 5. semester. Denne har eit noko annleis studieløp med ei masteroppgåve på 60 studiepoeng.
Utveksling
I tredje studieår er valemna organiserte slik at det er rom for eitt semesters opphald i utlandet. Du kan då velje relevante emne i for eksempel musikk, psykologi, samfunnsfag eller helsefag. På fjerde studieår er det også mogeleg å reise til utlandet i fire veker praksis.
Vidare studiemoglegheiter
Etter fullført studium kan du søke til doktorgradsstudium i musikkterapi.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.