Årsmøtet si samansetjing og funksjon
Årsmøtet er det øvste organet i klynga og vert gjennomført ein gong i året, seinast 15. juni. Årsmøtet består av ein representant for kvar av klyngedeltakarane, tre representantar frå erfaringspanelet og tre studentrepresentantar (ein frå kvar av dei tre regionane i klynga).
Styringsgruppa si samansetjing
Etter klyngeavtalen som gjeld frå 1. januar 2026, vel årsmøtet ei styringsgruppe med ni representantar. Etter valet på årsmøtet 10. juni 2026 er styringsgruppa sett saman slik:
- Geir Davidsen, instituttleiar, Griegakademiet, UiB. Leiar (2026–2030)
- Randi-Luise Møgster, divisjonsdirektør, Divisjon for psykisk helsevern, Helse Bergen. Nestleiar (2026–2028)
- Øystein Bratvold, etatsdirektør, Etat for psykisk helse og rustenester, Bergen kommune (2026–2030)
- Kenneth Dybdahl, leiar, Polyfons erfaringspanel (2026–2030)
- Astrid Kvalbein, rektor, Noregs musikkhøgskole (2026–2028)
- Jacob Nødseth, leiar, hovudutval for kultur, idrett og inkludering, Vestland fylkeskommune (2026–2030)
- Iris Anette Olsen, avdelingssjef ABUP, Sørlandet sjukehus (2026–2030)
- Silje Rasmussen Sandnes, nestleiar, Polyfons erfaringspanel (2026–2028)
- Jon Wergeland, kommunalsjef, barne- og familietenester, Kristiansand kommune (2026–2028)