Rapportar om musikkterapi

Polyfons forskingsstøtte opnar for eit spekter av prosjekt. Somme gonger er resultatet ein praksisnær rapport som kan ha interesse langt utanfor den konteksten han vart skriven for. Her finn du eit utval slike rapportar.

Praksisnære resultat frå forskingsstøtta

Polyfon lyser ut midlar til forskingsstøtte to gonger i året. Ofte er resultatet ein vitskapleg artikkel eller grunnlaget for eit større eksternfinansiert prosjekt. På denne sida har vi samla nokre meir praksisnære rapportar som også kan kome ut av tildelingane.

Kanskje finn du noko som kan inspirere til praksis- og tenesteutvikling i din eigen kontekst, eller funn og innsikter som kan forme framtidige forskingsprosjekt.

Søk Polyfon om forskingsstøtte

  • Tilsette hjå Polyfons klyngedeltakarar kan søkje om forskingsstøtte. Les meir om forskingsstøtte (ekstern lenke)
  • Sekretariatet gjev gjerne råd til deg som arbeider med søknader og prosjekt. Ta kontakt på polyfon@uib.no.

Sist oppdatert: 31.08.2026