Kven kan søkje
Alle aktørar i klynga har høve til å søkje om støtte til arrangement og andre formidlingsprosjekt.
Kva det kan søkjast om støtte til
Du kan søkje om støtte til ulike formidlingstiltak, som t.d. film og brosjyre. Du kan også søkje om støtte til å gjennomføre arrangement, t.d. til honorar og reise/opphald til bidragsytarar, husleige og servering. Ordninga inkluderer også støtte til seminar i samband med Polyfon-konferansen.
Søknadene skal vere grunngitt i behov i eit praksisfelt. Dette vert forstått vidt, og kan t.d. inkludere tema som praksisrelatert fagkritikk og / eller seminar for utvikling av nye samarbeidsrelasjonar.
Slik vert søknadene vurderte
Ved vurdering av søknader er kvalitet eit hovudkriterium. Samstundes vert det gjort ei heilskapleg vurdering med tanke på utviklingsbehova i kunnskapsklynga.
Prosjekt som inkluderer samarbeid mellom fleire deltakarar i klynga, og/eller samarbeid med brukarar eller pårørande, vert vurderte som særleg interessante. Når det gjeld samarbeid med brukar- og pårøranderepresentantar eller andre med erfaringskompetanse, gjev Polyfon sin rettleiar for brukar- og pårørandemedverknad informasjon om gode praksisar.
Krav til søknaden
Søknaden sender du gjennom det digitale søknadsskjemaet (ekstern lenke).
Søknaden skal innehalde:
- ei oppsummert skildring av prosjektet eller arrangementet – denne vert presentert på Polyfons nettside dersom du får tildeling (50-200 ord)
- personalia for kontaktperson (namn, telefon og e-postadresse)
- ansvarleg klyngedeltakar
- personalia for næraste leiar (namn, telefon og e-postadresse)
- tittel på formidlingsprosjektet eller arrangementet
- målgruppe
- ei kort skildring av korleis prosjektet eller arrangementet dekkjer behov i eit praksisfelt, og eventuelt korleis det kan fremme samarbeid (maks 300 ord)
- ein enkel tidsplan for formidlingsprosjektet (maks 100 ord)
- søknadssum (mellom kr. 2000 og kr. 20.000)
- eigeninnsats i form av arbeidstid og/eller kronebeløp
- budsjettdetaljar
I tillegg skal du laste opp ein e-post der næraste leiar stadfestar godkjenning av søknaden. Sjå meir om dette under Økonomi og forankring.
Økonomi og forankring
Søknadssummar er avgrensa nedover til kr 2 000,- og oppover til kr 20 000,-, unntaksvis til ein høgare sum. Ved utlysing med frist 1. oktober er potten er til fordeling på kr. 100 000,-.
Som hovudregel er det forventa at klyngedeltakaren stiller med ein eigeninnsats i form av arbeidstid og/eller kronebeløp som minst svarar til den summen det vert søkt om.
Søknader skal vere godkjende av leiinga hjå den aktuelle klyngedeltakaren. I det digitale søknadsskjemaet lastar de opp ein e-post der leiinga stadfestar at den konkrete søknaden er godkjend, og at aktuelle klyngedeltakar tar ansvar for at eventuelle problemstillingar knytte til personvern og etikk blir tatt i vare.
Ved tilslag vert støtta betalt ut til søkjande klyngedeltakar, som forvaltar tildelinga.
Formidling
For arrangement gjeld:
- Søkjar sender arrangementsinformasjon til Polyfon snarast mogleg etter tildeling, slik at arrangementet kan synleggjerast i Polyfons kalender og på klyngas Facebook-side.
- Polyfon vert invitert inn i den faglege planlegginga av arrangementet.
- Søkjar synleggjer Polyfon-støtta, gjerne ved bruk av Polyfon-logo.
For film, brosjyrar og liknande gjeld:
- Polyfon kan bruke filmen, brosjyren og liknande i arbeidet sitt.
- Som hovudregel ønskjer vi å gjere filmar og brosjyrar tilgjengelege på klyngas nettside, slik at materialet kan inngå i klyngas arbeid med å dele erfaringar og kunnskap.
- Søkjar synleggjer Polyfon-støtta ved bruk av Polyfon-logo i filmar, brosjyrar med meir.