To typar sommarstipend
Polyfon lyser ut to typar sommarstipend for studentar. Stipenda er finansierte av kunnskapsklynga og av GC Rieber Fondene. Du nyttar same søknadsskjema for begge typane.
Tverrfaglege sommarstipend for studentar
Stipend for studentar som jobbar med prosjekt relaterte til musikk og helse i vid forstand, der til dømes humanistiske, filosofiske, medisinske, psykologiske eller samfunnsvitskaplege dimensjonar kan vere viktige. Dette er stipend som studentar ved alle dei akademiske institusjonane i klynga kan søkje på.
Søknader kan utformast frå ulike faglege perspektiv og tradisjonar, men det vert forventa at tverrfagleg tematikk, inkludert musikkterapifagleg tematikk, er vurdert.
Sommarstipend for studentar i musikkterapi eller musikk og helse
Stipend som er øyremerkte studentar i musikkterapi eller musikk & helse ved Ansgar høyskole, Noregs musikkhøgskole og Griegakademiet (UiB).
Kven kan søkje?
Studentar ved alle dei akademiske institusjonane i klynga kan søkje. Sjå ovanfor for detaljar om kva type stipend som kan gjelda for deg.
Avgrensing
Det er normalt ikkje mogleg for avgangsstudentar å søkje. Avgangsstudentar på bachelorutdanningar kan likevel søkje, med atterhald om at dei har planar om å studere vidare til ein mastergrad. Skulle dei i staden byrje i jobb, må dei gje klynga melding og seie frå seg stipendet.
Medforskar eller brukar- eller pårøranderepresentant?
Polyfon arbeider aktivt for å styrke brukarmedverknad i forsking. For begge stipendtypane er det mogleg å dele eit fullt stipend mellom student og medforskar eller brukar- eller pårøranderepresentant. Då får ein eit halvt stipend kvar.
Kva kan du søkje om?
- Stipenda er på 40 000 kroner (trekkfritt inntil grensa for frikort) og svarar til seks vekers fulltidsarbeid.
- Du kan søkje om heile eller halve stipend.
- Fleire studentar kan gå saman og søkje om fleire stipend knytte til same prosjekt.
Sjå gjerne nettsida vår om prosjektresultat, der finn også ein oversikt over tidlegare tildelte sommarstipend.
Aktuelle temaområde
Det er opning for søknader med ulike temaområde. Vitskapeleg kvalitet er hovudkriteriet ved vurdering, samstundes som det vert gjort ei heilskapleg vurdering. Nokre aktuelle temaområde er:
- Tverrfaglege og/eller praksisnære tematikkar
- Implementering og utvikling av musikkterapi som fagfelt
- Delprosjekt av større forskingsprosjekt i dei musikkterapeutiske forskingsmiljøa
- Oppdateringar av Polyfons kunnskapsbeskrivingar
Ta gjerne kontakt med Polyfons fagkoordinatorar i regionane sør (skanland@ansgarskolen.no), aust (hans.p.solli@nmh.no) og vest (kaja.enge@uib.no) for råd.
Slik vert søknadene vurderte
Den vitskaplege vurderingskomiteen arbeider etter desse faglege retningslinjene, som gjeld begge typar stipend:
- Polyfon arbeider med fagfeltet musikkterapi / musikk & helse, så prosjekt må ha eit fokus på fysiske, psykiske, eksistensielle og/eller sosiokulturelle dimensjonar av aktuelle relasjonar mellom musikk og helse.
- Folkehelserelaterte prosjekt i barnehage, skule og lokalsamfunn er like velkomne som prosjekt knytte til praksis innan helsevesenet.
- Prosjektkvalitet er eit hovudkriterium ved vurdering, samstundes som det vert gjort ei heilskapleg vurdering ut frå strategien til klynga.
- Der det er relevant, vil søknader som legg til rette for tverrfagleg samarbeid bli vurderte som særleg interessante. Søknader kan då utformast frå ulike faglege perspektiv og tradisjonar, men det vert forventa at tverrfagleg tematikk, inkludert musikkterapifagleg tematikk, er vurdert.
- Prosjektet bør styrkje grunnlaget for vidare forsking og/eller praksisutvikling, vere fokusert, avgrensa og mogleg å gjennomføre innanfor ramma.
- Søknader må vise at det blir lagt til rette for brukar- og pårørandemedverknad så langt dette er mogleg og relevant, , sjå Polyfons rettleiar for brukar- og pårørandemedverknad.
- For å få støtte må studenten ha etablert rettleiingssamarbeid med ein forskar eller prosjektleiar hjå ein av klyngedeltakarane til Polyfon.
- Dersom arbeidsoppgåvene inkluderer datainnsamling og/eller analyse, må spørsmål om personvern, forskingsetisk godkjenning, databehandlingsavtale og liknande vurderast. Det må gå klart fram av søknaden at den prosjektansvarlege klyngedeltakaren tar ansvar for at dette vert tatt i vare etter regelverket.
Krav til søknaden
Søknaden sender du gjennom det digitale søknadsskjemaet (ekstern lenke), du nyttar same skjema for begge typar sommarstipend.
Søknaden skal mellom anna innehalde:
- personalia for student og rettleiar
- kopi av ein e-post frå rettleiar som stadfestar at vedkomande vil vere rettleiar, og at eventuelle forskingsetiske og formelle problemstillingar knytte til datainnsamling og/eller analyse vert tatt i vare av aktuell klyngedeltakar
- type stipend og størrelse på stipend (heilt eller halvt)
- prosjekttittel
- prosjektskisse (maks 1200 ord) med presentasjon av bakgrunn for prosjektet, problemstilling, teori, metode og etiske aspekt
- litteratur (maks 5 referansar)
- såkornfunksjon (maks 100 ord), til dømes korleis prosjektet kan fremme fag- eller praksisutvikling og peike fram mot publisering eller formidling
- tidsplan for gjennomføring (maks 100 ord)
- plan for formidling (maks 100 ord)
- ei oppsummert skildring av prosjektet (50–150 ord) – denne vert presentert på Polyfons nettside dersom du får tildelt sommarstipend
Generell informasjon om ordninga
- Sommarstipend går anten til prosjekt studentar sjølve har teke initiativ til, eller inngår som del av eit prosjekt initiert av ein forskar eller ei forskargruppe i klynga.
- Studenten som søkjer må ha støtte og rettleiing av ein forskar. Vi tilrår difor at du i god tid før søknadsfristen tar kontakt med ein aktuell forskar i klynga.
- Arbeidsoppgåvene for studenten kan til dømes vere knytte til gjennomgang og analyse av litteratur eller arbeid med utvikling av design og metodikk, og eventuelt innsamling og analyse av data.
- Dersom arbeidsoppgåvene inkluderer datainnsamling og/eller analyse, må spørsmål om personvern, forskingsetisk godkjenning, databehandlingsavtale og liknande vurderast, sjå informasjon over om korleis søknader vert vurderte.