For kven?
Polyfon-konferansen vert arrangert i november kvart år og samlar både studentar, forskarar, tenestebrukarar, praktikarar og leiarar. Er du knytt til ein av klyngedeltakarane til Polyfon, er det gratis å delta på konferansen.
Kva skjer på konferansen?
Konferansen er tverrfagleg og går over to eller tre dagar (sjå programmet for i år), med følgjande innhald:
- Konferansedag, med plenumsprogram, ein plakatutstilling og parallellsesjonar med foredrag, workshops, rundebordsdiskusjonar og møteplassar. Musikkinnslag høyrer sjølvsagt også med. Bidraga byggjer på forsking, praksiserfaring og brukarerfaring.
- Seminardag, med ulike fagseminar ut i frå klyngedeltakarane sine eigne initiativ.
- Konsert, arrangert i samarbeid med Gjenklang (ekstern lenke), GAMUT (ekstern lenke) og Norsk foreining for musikkterapi (ekstern lenke)
- Arbeids- og nettverksmøte (vert somme år lagt til same dag som seminardagen, ta kontakt for info)
Vil du bidra?
Utrop om bidrag (call for abstracts) kjem tidleg på våren, med innleveringsfrist i mai eller juni. Ofte vil det vere ein eigen utvida frist for plakatpresentasjonar (poster). Polyfon har eigne retningslinjer for sammendrag som du følgjer når du sender inn bidraget ditt. Sjå retningslinjene for samandrag (ekstern lenke).
Tema for konferansane
Kvar konferanse har sitt eige tema:
- 2017: Musikkterapi gjennom livet – fra forebygging til recovery
- 2018: Musikkterapi og samhandling
- 2019: Brukermedvirkning i musikkterapi
- 2020: avlyst på grunn av korona
- 2021: Veier til ny praksis – musikkterapi og implementering
- 2022: Musikk, meining og medisinering
- 2023: Nyttig helsearbeid i nye tider
- 2024: Kvifor musikk – i kvardag og klinikk
- 2025: Musikk på tvers. 10 år med Polyfon – kva no?
- 2026: Musikkterapilandet?
Har du framlegg til tema eller vinklingar for framtidige konferansar, send dei gjerne til polyfon@uib.no.