Mediearkiv

Her finn du lenker til mediesaker om forsking og nyhende om farmasi, kor studentar, alumner eller tilsette ved Senter for farmasi er sentrale.

Oversikt mediarkiv - farmasi

2014

Dagens Medisin 4. august 2014: Mistenker diabetes-overbehandling. Stipendiat Lillan Mo Andreassen intervjua om sin nyaste publikasjon.

Norsk Farmaceutisk Tidsskrift 6/2014: På lag med naturen. Portrett av senterleiar, professor og sauebonde Svein Haavik.

KK sine nettsider 30. april 2014: Kjøper du reseptfrie medisiner i utlandet? Senter for farmasi-alumn Troy Hammer gir gode råd om kva folk bør tenkje på om dei vurderer å handle legemiddel i utlandet.

Hardanger Folkeblad 10. april 2014: Åpnet nytt apotek i Odda. Senter for farmasi-alumna Eldbjørg Skare Thygesen startar eige apotek i Odda, og framstår som ein flott ambassadør for farmasiutdanninga i artikkelen.

Apotekforeningens tidsskrift 1/2014: Vil ha mer igjen for faglig arbeid. Senter for farmasi-alumna Maya Eversley kritiserer avansesystemet som styrer apotekinntjeninga idag.

Vestlandsrevyen og NRK 20. februar 2014: Ein av tre brukar medisinane feil. TV-innslag og nettsak om feil bruk av medisin. Professor og senterleiar Svein Haavik foreslår personlege legemiddellister som gjerast lettare tilgjengeleg for farmasøytane, som eit middel for å få ned feilbruken. Saka blei òg sendt som ein del av Dagsrevyen 21 same kveld.

På Høyden 15. januar 2014: UiB får bestått. Sak om NOKUT sin rapport frå vurderinga av kvalitetssikringssystema til UiB, kor blant anna farmasistudiet var under lupa.

2013

Dagens Medisin, 9. desember 2013: Tranebær trygt for gravide. Stipendiat Kristine Heitmann fortel om sin nyaste publikasjon. Saka blei òg omtala i svenske Läkemedelsvärlden.

Studvest, 29. oktober 2013: Forsker på farlig fett. Farmasistudent Tra-My Le fortel om arbeidet med masteroppgåva si, som omhandlar feittlever i spalta "Eksperten".

Apotekforeningens tidsskrift 3/2013: Master på NB 2013. Farmasistudent Caroline Le skriv master om farmasøytintervensjonar i kampanjen Nye Blodfortynnende 2013 (s. 48).

Vestlandsrevyen 10. oktober 2013: Feilmedisinering. Postdoktor Reidun Kjome blir intervjua om læringsnettverk for rett legemiddelbruk i sjukeheimar.

Khrono 14. april 2013: Farmasiutdanninga blir lik alle dei andre masterprogramma. Førsteamanuensis Lone Holst uttalar seg om omlegginga til 3+2 i Bergen.

Vestlandsrevyen, 16. januar 2013: Mangel på farmasøyter. Førsteamanuensis Lone Holst blir intervjua om farmasøytmangelen på Vestlandet og behovet for å opprette fleire studieplassar i Bergen.

2012

NRK.no, 28. desember 2012: Manglar farmasøyt - stengjer apotek. Senter for farmasi-alumna Mette Aune, no regionssjef i Vitus apotek, fortel om farmasøytmangelen på Vestlandet.

På Høyden, 14. mars 2012: Saknar betre sjukeheimsmedisinering. Kjell H. Halvorsen si doktorgradsavhandling om legemiddelbruk i sjukeheimar fekk mykje merksemd, og blei i tillegg omtala i Bergens Tidende, Aftenposten, Bergensavisen, VG, Dagbladet, NRK.no Sogn og Fjordane, NRK.no Innenriks, Stavanger Aftenblad, Sunnmørsposten og ABCNyheter.

Bergens Tidende, 2. mars 2012: Vi bruker minst medisiner. Postdoktor Reidun Kjome fortel om mulege grunnar til kvifor nordmenn bruker mindre legemiddel samanlikna med dei andre nordiske landa. Saka blei òg omtala i Aftenposten.

2011

NRK.no, 24. mars 2011: Sjukeheimane manglar kontroll på medisin. Senter for farmasi-alumna Lillan Mo Andreassen fortel om funn frå si masteroppgåve i samband med fleire oppslag om feilmedisinering i sjukeheimar. Funna blei òg omtala på distriktsnyhenda på radio.

2010

Dagens Medisin 29. oktober 2010: Feil i tusener av resepter. Senterleiar Svein Haavik fortel om potensielt alvorlege konsekvensar av reseptfeil på bakgrunn av ein publisert studie. Saka blei òg omtala i Adresseavisa og på ABCNyheter.

Dagens Medisin, 14. september 2010: Foreslår ny praksis for blodsukkersjekk. Reidun Kjome foreslår på bakgrunn av funn i doktorgradsarbeidet sitt at noko av kostnadane til blodsukkerstrimler bør gå til opplæring på legekontor og apotek i staden for. Artiklane "Skal ikke diagnostisere diabetes" og "Apotekene klar for blodsukkersjekk" blei i òg publisert i kjølvatnet av dette.

På Høyden 23. mars 2010: UiB-forskere tok hele kaken. Førsteamanuensis Bengt Erik Haug var ein av forskarane som fekk stipendmidler frå Bergen Teknologioverføring (BTO), for ideen om å lage molekyler som kan brukast i terapi og diagnostikk av kroniske inflammasjonssjukdomar. Same sak blei omtala på Sparebanken Vest og BTO sine nettsider.

Dagbladet 31. januar 2010: Ulovlig reklame for naturmidler. Senter for farmasi-alumna Maria Høyland Tønnesen fortel om funn frå si masteroppgåve. Studien blei òg omtala i Nordlys, Firdaposten og Handelsbladet.

2009

På Høyden 29. mai 2009: Uvitenhet om urtemedisin. Førsteamanuensis Lone Holst fortel om funn frå doktroavhandlinga si. Avhandlinga fekk mykje merksemd, og blei òg omtala i Bergens Tidende, på forskning.no og på alternativ.no.

Klikk.no 31. mars 2009: Gravide og legemidler. Sofia Frost Widnes fortel om sin studie kor ho samanlikna informasjonen om bruk under graviditet/amming i Felleskatalogen mot råd frå Relis.

Apotekforeningens tidsskrift 1/2009: Går fort. Farmasistudent Ragnhild Gislefoss fortel om vegen frå reseptar til provisorfarmasøyt ved Senter for farmasi i Bergen (s. 23-24).

2008

Hubro 3/2008: Utfordrar legar på sjukeheimar. Stipendiat Kjell H. Halvorsen vil at farmasøytar skal bidra med sin kompetanse i sjukeheimar.

Hubro 3/2008: Drøye påstandar om effekt. Senter for farmasi-alumna Maria Høyland Tønnesen og senterleiar Svein Haavik fortel om funna i masteroppgåva til Tønnesen.

Hubro 3/2008: Langt frem til spesialdesign. Professor Staffan Uhlén fortel om vegen fram mot å lage skreddersydde legemiddel, blant anna mot HIV.

Vestlandsrevyen 14. oktober 2008: Mange får resepter med feil. Førsteamanuensis Anne Gerd Granås fortel om funna i masteroppgåva til Senter for farmasi-alumna Silje Søviknes (Lenka bør opnast i Internet Explorer for at programmet skal kunne køyrast). Saka ligg og som nettsak på NRK.no, og blei omtala i Bergensavisen.

På Høyden 13. oktober 2008: Spesialister gjør flest reseptfeil. Senter for farmasi-alumna Silje Søviknes fortel om funna frå masteroppgåva si. Saka blei og omtala i Hubro 3/2008.

VG, 26. september 2008: Forvirrende råd til gravide. Sofia Frost Widnes fortel om sin studie kor ho samanlikna informasjonen om bruk under graviditet/amming i Felleskatalogen mot råd frå Relis.

På Høyden 1. februar 2008: Stormønstring for klinisk forskning. Sofia Frost Widnes fortel om sin studie kor ho samanlikna informasjonen om bruk under graviditet/amming i Felleskatalogen mot råd frå Relis.

2007

På Høyden 12. mars 2007: Utveksling i piller, pub og status. Farmasistudentane Tove Ragna Reksten og Mette Aune frå det første farmasikullet i Bergen fortel om erfaringane med utvekslingssamarbeidet med University of East Anglia. Vil du lese meir, kan du sjå lesarinnlegget frå dei to i Farmatid same vår.

2006

Puls 30. januar 2006: Resepter med feil. Anne Gerd Granås fortel om ein studie om reseptfeil utført ved no nedlagde Institutt for apotekforskning, Apoforsk. (Lenka bør opnast i Internet Explorer for at programmet skal kunne køyrast). Saka ligg òg som nettsak på NRK.no, og på DinSide.

2002
Sist oppdatert: 19.12.2025