Finn fram i biblioteket
Biblioteket er fordelt over to etasjar.
Hylleoversikt
Bøkene er ordna etter Dewey-systemet, fordelt på to etasjar.
1. etasje
- Antropologi
- Filosofi
- Journalistikk
- Medievitskap
- Metode
- Musikkteori / Notar
- Sosiologi
- Statsvitskap
2. etasje
- Barnevern
- EU-studiar
- Filmsamling
- Folkehelse
- Geografi
- Historie
- Offentleg forvaltning
- Organisasjonsteori
- Pedagogikk
- Psykologi
- Samfunnsøkonomi
Lån og retur
Sjølvbetente utlånsautomatar og ein returautomat finst i biblioteket. Reservert materiale hentar du på hentehylla. Hentekode får du på sms eller e-post.
Arbeidsplassar og grupperom
1. etasje har åpne sittegrupper for samarbeid.
2. etasje har stille arbeidsplassar for individuelt arbeid.
Grupperomrom 204 i 2. etasje kan reserverast for inntil to timar av gongen.
Bibliotekets undervisningsrom ligg i 2. etasje. Når det ikkje er opptatt, kan det brukast som studentarbeidsplassar. Oversikt over booking heng på døra.
Musikksamling
Musikksamlinga inneheld notar, CD-ar, LP-ar og musikklitteratur, og er tilgjengeleg for studentar ved Grieg-akademiet og andre interesserte. Samlinga er plassert i 1. etasje.
Merk: Notar, LP-ar og CD-ar er berre tilgjengelege i betent opningstid.
Musikklitteratur er oppstilt etter Dewey:
- 780.7 Musikkdidaktikk
- 780.92 Komponistar
- 781 Musikkteori
- 782 Vokalmusikk
- 782.1 Opera
- 784–788 Instrument
- Trykte notar er oppstilt etter SMM-systemet (pdf). I biblioteksystemet Oria, avansert søk: bruk «Komponist» (ikkje «Forfattar») som søkefelt.
Filmsamling
Biblioteket har ei open filmsamling i 2. etasje. Filmar som står i magasin kan bestillast via biblioteksystemet Oria.
Utskrift, kopiering og skanning
Biblioteket har skrivarar for utskrift, kopiering og skanning i begge etasjar.
Fagressursar for samfunnsvitenskap, musikk og psykologi
Detaljert hylleoppstilling per disiplin, fagspesifikke databasar og fagkontakt: