Foredrag og samtaler

Noreg i ei ny tid: Den nye frontlinjen. Geopolitikk, risiko og felles ansvar


Bilde
Portrett av Tom Røseth med bilde av boken Den nye frontlinjen
Foto: Litteraturhuset i Bergen

Kor går den nye geopolitiske frontlinja, og kva betyr det for Noreg? Møt Tom Røseth og paneldeltakarar til ein samtale om geopolitikk, risiko og felles ansvar i ei tid der tryggleik handlar om langt meir enn forsvar og landegrenser.

Geopolitikk er ikkje lenger noko som berre utspelar seg mellom statar, ved landegrenser eller på fjerne slagmarker. I dag går frontlinjene også gjennom næringsliv, forskingsmiljø, offentleg forvaltning, digitale system og globale verdikjeder. Sikkerheit handlar ikkje berre om forsvar og beredskap, men i aukande grad om vala som blir tekne av bedrifter, universitet, kommunar og andre samfunnsaktørar.

I denne utgåva av samtaleserien Noreg i ei ny tid møter vi Tom Røseth (ekstern lenke), hovudlærar ved Forsvarets høgskole og medforfattar av boka Den nye frontlinjen: Geopolitikk, risiko og felles ansvar (ekstern lenke). Med utgangspunkt i boka vil Røseth vise korleis den nye geopolitiske rivaliseringa påverkar samfunnet langt utover den tradisjonelle tryggingspolitikken, og kvifor spørsmål om teknologi, forskingssamarbeid, økonomi, forsyningskjeder og digital infrastruktur i aukande grad også er spørsmål om nasjonal sikkerheit.

Kva betyr den nye tryggingssituasjonen for Noreg? Korleis bør næringsliv, akademia og offentlege institusjonar handtere eit meir samansett og uforutsigbart trusselbilete? Kva inneber totalforsvar i praksis når samfunnskritiske funksjonar i stor grad ligg utanfor staten? Og korleis kan vi balansere openheit, samarbeid og tryggleik i ei tid prega av aukande internasjonal rivalisering?

Etter innleiinga følgjer ein panelsamtale med inviterte ekspertar: 

Deretter opnar vi for spørsmål frå salen.

Arrangementet blir opna av UiB-professor Lise Øvreås, som også er direktør for Academia Europaea Bergen. Moderator er forskar Ole Rasmus Øvretveit, også tilknytta Academia Europaea Bergen. 

Velkomen til ein kveld om geopolitikk, samfunnstryggleik og felles ansvar i ei ny tid.

​Billettar kroner 150/120. Gratis inngang for studentar ved framvising av studentbevis og for medlemmar av Academia Europaea.

Om debattserien Noreg i en ny tid

Noreg i ei ny tid er ein debattserie for samtalar om dei store geopolitiske, teknologiske og samfunnsmessige endringane som vil påverke Noreg og Europa i tiåra som kjem. Serien er eit samarbeid mellom blant anna Litteraturhuset i Bergen, Academia Europaea Bergen og Polarnettverket ved Universitetet i Bergen. 

Institutt for samanliknande politikk ved UiB er medarrangør for dette møtet. 

Academia Europaea Bergen (ekstern lenke), som er husa av Universitetet i Bergen og leia av professor Lise Øvreås, er ei Nordisk-Baltisk avdeling av det europeiske vitskapsakademiet Academia Europaea, med særleg ansvar for vitskapsformidling knytt til hav og arktiske problemstillingar.