Gjesteforskar ved UiB

Har du vorte invitert til UiB som forskar eller ph.d.-kandidat for eit mellombels forskingsopphald? Her finn du informasjon om kva du må ordne i samband med innreise, opphaldsløyve, skatt, helse og bustad.

Er du ein ph.d.-kandidat som kjem som gjest?

Som utanlandsk gjeste-ph.d.-kandidat kan du få anten forskarstatus eller studentstatus. Denne avgjerda blir teken av Utlendingsdirektoratet (UDI) når du søkjer om opphaldsløyve. Uavhengig av om du får status som gjesteforskar eller gjestestudent, vil det meste av informasjonen nedanfor vere relevant for deg.

Dersom du får status som gjestestudent frå UDI, sjå informasjonen her om korleis du tek dette vidare ved UiB: Guest PhD student | UiB (ekstern lenke)

Ta kontakt med verten din først

Som gjesteforskar har du fullført ein mastergrad og er invitert til UiB for eit mellombels forskingsopphald. Det første du bør gjere, er å ta kontakt med verten eller rettleiaren din ved UiB. Avklar opphaldet med dei før du startar med dei formelle stega knytte til innreise.

 

Innreise og opphaldsløyve

Nordiske borgarar

Du har ingen krav knytte til opphald under seks månader. Ved lengre opphald må du registrere deg hos Skatteetaten.

EU/EØS-borgarar

Ved opphald under 90 dagar treng du ikkje registrere deg hos politiet. Skal du vere her lenger, registrerer du deg på nett hos UDI og møter deretter personleg ved Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar (SUA) i Bergen for å få registreringsbevis og skattekort. Ta med pass eller nasjonalt ID-kort, invitasjonsbrev og dokumentasjon på at du kan forsørgje deg sjølv.

Borgarar utanfor EU/EØS

Du treng eit offisielt invitasjonsbrev frå instituttet ved UiB. Ved opphald over 90 dagar må du søkje om opphaldsløyve hos UDI, og søknaden må startast frå heimlandet. Organisasjonsnummeret til UiB er 874 789 542.

Skatt, trygd og helse

Skatt og ID

Dersom du får løn frå UiB, må du søkje om skattekort. Opphald på meir enn 14 dagar i løpet av året krev ID-kontroll hos Skatteetaten.

Trygd

Dersom du får løn, må du leggje fram dokumentasjon på trygdetilknyting frå heimlandet.

Helse og tuberkulosekontroll

EU/EØS-borgarar kan nytte europeisk helsetrygdkort. Skal du opphalde deg i Noreg i meir enn tre månader, treng du eit S1-skjema. Borgarar utanfor EU/EØS må ha eiga forsikring.

Kjem du frå eit land med høg førekomst av tuberkulose og skal opphalde deg i Noreg i 90 dagar eller meir, må du gjennomføre ein gratis tuberkulosekontroll.

Bolig

Du må ordne bustad sjølv. UiB har eit avgrensa tal gjestebustader som instituttet ditt kan bestille for deg.

Trenger du hjelp?

Internasjonalt senter tar imot gjesteforskere og gjesteforelesere. Vi holder til i Parkveien 1.

E-post
euraxess@uib.no
Sist oppdatert: 31.08.2026