Samarbeid med næringslivet

UiB har ei rekkje måter å samarbeide med næringsliv, forvaltning, organisasjonar og andre, blant anna gjennom klynger og nettverk. Finn samarbeidsforma som passar ditt behov.

Bilde
Fotobanner med motiv fra forskning ved UiB
Foto: Eivind Senneset

Samarbeid om kompetanse

UiB har både etter- og vidareutdanningstilbod og forskarutdanningar som kan passe inn i verksemda di. 

  • Nærings (ekstern lenke)- og offentleg sektor (ekstern lenke)-ph.d. - Gjennom desse ordningane kan kandidatar gjennomføre forskarutdanninga mens dei er tilsette i ei bedrift eller ei offentleg verksemd. Forskingsrådet kan dekke inntil 50 % av gjeldande stipendsats. Ta kontakt direkte med det aktuelle fagmiljøet vårt for å diskutere ph.d. tilpassa ditt kompetansebehov! 
  • Nettstudier og vidareutdanning - Behov for fagleg oppdatering, eller ny kompetanse? Vi tilbyr alt frå små, einskilde emne til heile mastergrader. 
  • Mikroemne - Skaff deg ny kompetanse ved å ta eit av våre mikroemne innan digitalisering og innovasjon. Emna er gratis, og gir deg 2,5 studiepoeng. Mikroemna passar å ta ved sida av jobb. 

Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI)

UiB deltek i fleire senter for forskingsdriven innovasjon (SFI), der forskingsintensive bedrifter samarbeider med forskingsmiljøa våre om langsiktige utviklingsprosjekt. Eit SFI-samarbeid passer for verksemder som vil utvikle ny kunnskap og teknologi over tid, saman med leiande fagmiljø.

UiB koordinerer desse sentra:

Les meir om sentera for forskingsdriven innovasjon her!  (ekstern lenke)

Klynger og katapulter

UiB deltek på ei rekkje arenaer der vi samarbeider med næringsliv og offentlege institusjonar.

Klynger

UiB er medlem i ei rekkje klynger, der vi samarbeider med bedrifter og andre organisasjonar. 

NCE Maritime Cleantech utviklar energieffektive, miljø- og klimavenlege løysingar for maritim sektor. 

GCE Ocean Technology utviklar innovativ havteknologi innan fornybar energi, marin matproduksjon, marine mineralressursar og olje- og gassproduksjon.

NCE Seafood Innovation Cluster utviklar berekraftige løysingar for sjømatindustrien. 

Medieklynga samlar bedrifter, forskings- og utdanningsinstitusjonar og andre i arbeidet med innovasjon i medieindustrien. 

NCE Finance Innovation samlar 80 medlemmar innen finans og teknologiutvikling. 

NOSCA Clean Oceans jobber særlig med oljesøl, og UiB-eide NORCE er medlem. 

Proptech Innovation har fokus på innovative løsninger i eiendoms- og byggebransjen. UiB-eide NORCE er medlem. 

Eitri helseinkubator

I samarbeid med Helse Bergen og VIS har UiB oppretta helseinkubatoren Eitri.

Katapultar

Norsk katapult er nasjonale senter med offentleg støtte, som leverer fasilitetar, utstyr og kompetanse til små og mellomstore bedrifter, slik at det blir enklere å utvikle prototypar, teste, visualisere og simulere nye løysingar. 

Ocean Innovation - leverer design, prototyping, testing og verifisering til havnæringa. 

Sustainable Energy - utviklar og testar bærekraftige system for produksjon, lagring, distribusjon og styring av energi.

Vilkår for samarbeid

Det er mange måtar å samarbeide med UiB på: 

Bidragsforsking: Bedrifter bidreg med finansiering eller andre ytingar til forskingsprosjekt som universitetet har det faglege ansvaret for, og eig resultata til. Samarbeidspartnarar kan i mange tilfelle få tilgang til arbeidsresultata. 

Oppdragsforsking: Bedrifter kjøper spesifikk forsking eller utgreiingar for å få svar på eit spørsmål. I mange tilfelle eig oppdragsgivar prosjektresultatet. Forskinga skjer til marknadspris. 

Samarbeidsavtalar: UiB har fleire, langvarige samarbeidsavtalar om forskingssamarbeid på ulike felt. Desse baserer seg vanlegvis på modellen for bidragsforsking. 

Immaterielle rettar: UiB vil ha eigarskapet til ulike arbeidsresultat frå prosjekta. I mange tilfelle blir prosjektresultata publiserte, og samarbeidspartnarar kan få tilgang eller bruksrett til desse dersom det er muleg. 

VIS - Vestlandets innovasjonsselskap

VIS tar seg av kommersialisering av oppfinningar og andre resultat frå forskinga vår. Ønskjer du å bruke ein lisens frå vår forsking, så ta kontakt med VIS!

E-post
hei@visinnovasjon.no

Kontakt oss om samarbeid

Innovasjonsrådgiver Jane Cathrine Særsten Jünger Tlf. 41 25 58 93

Energidirektør Kristin Guldbrandsen Frøysa Tlf. 48 02 20 45

Sist oppdatert: 16.09.2026