Tett på forskningen som masterstudent
Masterstudenten Marianne Borchgrevink-Brækhus merker stor forskjell på å studere bachelor og master. På masternivå blir hun mer inkludert i fagmiljøet og får samarbeide med gode veiledere.
Innan arkeologifaget forskar, analyserer og tolkar vi dei ulike kulturhistoriske spora i landskapet. Som arkeolog blir du ein viktig formidlar av mennesket si fortid, både i Noreg og internasjonalt. Innanfor arkeologifaget har vi eit langsiktig perspektiv og ei tverrfagleg tilnærming til menneske, n
Arkeologiutdanninga ved Universitetet i Bergen er unik i si faglege samansetting, da vi ikkje berre tilbyr undervisning og rettleiing innan alle dei forhistoriske og historiske periodane innan europeisk arkeologi og Middelhavområdets arkeologi, men også innan zooarkeologi og miljøarkeologi. På masterprogrammet i arkeologi lærer du:
Masterstudiet i arkeologi er eit allsidig studium med ca. 2–4 timar undervisning i veka. Aktivitetane varierer frå semester til semester: 1. semester består hovudsakleg av forelesingar og seminar, mens 2. semester gir erfaring i feltarbeid. Feltkurset, som varer i ca. tre veker, gir kunnskap i arkeologisk utgraving og registrering, og bidrar til samhald og eit godt studiemiljø. I 3. og 4. semester skriv du masteroppgåve under rettleiing.
Undervisninga gir kontakt med potensielle arbeidsgjevarar og innblikk i dei praksisområda du kan jobbe med etter studiet.
Som masterstudent får du eigen lesesalplass. Det finst moglegheiter for arbeidspraksis under studiet, til dømes i Vestland fylke.
Som student vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, kafear og studentbar på campus.
Med ein mastergrad i arkeologi kvalifiserer du til arbeid som arkeolog ved arkeologiske utgravingar og registreringar, og som sakshandsamar innan kulturminnevern og kulturminneforvaltning.
Arkeologar jobbar også med forsking, undervisning og formidling ved ulike forskingsinstitusjonar og innan museumssektoren. Arkeologar jobbar også i andre typar offentlege og private verksemder innan kulturfeltet.
Les intervju med tidlegare studentarDei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
Undervisningsspråk: Norsk
Masterprogrammet i arkeologi er eit toårig fulltidsstudium som startar i august og januar, med hovudopptak i august.
Studieløpet på masterprogrammet i arkeologi kan sjå slik ut:
1. semester
Arkeologi: Landskap, kulturminne og forvalting (10 studiepoeng)
Prosjektskildring (10 studiepoeng)
Teori og metode (10 studiepoeng)
2. semester
Arkeologisk praksis (20 studiepoeng)
Spesialemne i arkeologi (10 studiepoeng)
3. og 4. semester
Forskingsetikk (0 studiepoeng)
Masteroppgåve (60 studiepoeng)
Du kan reise på utveksling i eitt semester til Storbritannia, Tyskland, Danmark eller Sverige. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.
Etter masterutdanning kan du gå vidare og ta ein doktorgrad (ph.d.) som kan kvalifisere til vitskaplege stillingar innanfor universitets- og høgskulesektoren. UiB tilbyr etter- og vidareutdanning, blant anna innan museumsarbeid, og korleis skrive vitskaplege artiklar.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.