
Seks egenskaper du får på UiB
Mange jobber i samfunnet krever noen spesielle egenskaper. Mange av disse egenskapene utvikler du gjennom et universitetsstudium.
Barnevernet skal sikre barns rett til vern og omsorg. På master i barnevern lærer du å møte barn, unge og deira nettverk med god fagleg kunnskap, openheit og dialog. Undervisninga er samlingsbasert over 2 år. Du kan søke om å ta studiet på deltid.
Barnevernfagleg kompetanse bygger på bidrag frå fleire fagdisiplinar, blant anna psykologi, juss, pedagogikk og sosiologi.
Du vil lære å reflektere kritisk over eigen praksis, og vurdere samanhengar mellom samfunnsmandat, politiske diskursar, teori, forsking, gjeldande regelverk og relevant rettspraksis. Studiet vil gi deg dei verktøya du treng for å forstå og forvalte dei verkemidla barnevernet rår over, for at barn og unge som lever i utsette livssituasjonar får riktig hjelp til rett tid.
Du lærer om korleis du kan bruke forsking og teori til å vurdere, planlegge og gjennomføre tiltak som er tilpassa kvar enkelt situasjon. Du får også innsikt i korleis du kan arbeide førebyggande, rettleiande, utgreiande og endringsorientert, og korleis du kan handtere saksbehandling og avgjerdsprosessar på ein kritisk og profesjonell måte.
Hovudarbeidsformene i studiet er forelesingar, seminar, problembasert læring, individuelle og gruppeoppgåver med og utan rettleiing, sjølvstudium og praksis. Desse arbeidsformene er brukt i ulike emne og kombinert på ulike måtar for å skape samanheng mellom undervisning, læringsutbytte og vurderingsformer. Det er nødvendig med stor grad av eigenaktivitet i løpet av studiet. Den planlagde undervisninga utgjer berre ein del av studietida di i løpet av ei veke, resten av tida må du sjølv ta ansvar for lesing av pensum og førebuingar til undervisninga. Det kan vere nyttig å danne studiegrupper med medstudentar for diskusjon og samarbeid.
Undervisninga er samlingsbasert og vil i hovudsak vere på norsk. Noko av undervisninga vil føregå på engelsk. Litteraturen er på både norsk og engelsk.
Som student vil du i hovudsak halde til på Alrek helseklynge der vi har opne leseplassar og mer.
Med ein master i barnevern får du styrka kompetanse til å jobbe med barn, ung og familiar i barnevernet, men også på andre arena. Kompetansen er og relevant for arbeid med barn og unge si psykiske helse, i kriminalomsorga og for arbeid i barnehage og skole. Det er store krav til kunnskapsbasert praksis i dag og du vil få kompetanse til å jobbe med systemretta arbeid. Eksemplar på dette vil vara evaluering, utvikling av fagsystem, tiltaksutforming, osv. Masteren kvalifisera også til arbeid i ulike kompetansemiljø, samt forskings- og utdanningsinstitusjonar.
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:
dei generelle opptakskrava for master på UiB
dei spesielle opptakskrava for dette studiet
Undervisningsspråk: Norsk and engelsk
Masterprogrammet består av seks obligatoriske emne på 15 studiepoeng og eit masteroppgåveemne på 30 studiepoeng. Det er et fulltidsstudium, men du kan også følgje ein deltidsprogresjon over 3 eller 4 år. Er du heiltidsstudent, tar du 30 studiepoeng per semester, mens på deltid tar du 15 eller 30 studiepoeng.
I nokon tilfeller vil det vere mogleg å innpasse relevant vidareutdanning. Ta kontakt med instituttet for meir informasjon.
Studieløp fulltid:
1. semester
MABARN326 Barns utvikling og velferd (15 studiepoeng)
MABVA402 Barnevernet sine beslutningsprosessar og rettslære (15 studiepoeng)
2. semester
MABARN329 Forsvarleg rettsbruk og rettstryggleik i barnevernet (15 studiepoeng)
HEM303 Qualitative Methods and Research Planning (15 studiepoeng) eller HEM304 Quantitative Methods and Research Planning (15 studiepoeng)
3. semester
MABARN431 Endringsarbeid, tiltak og prosjektplanlegging (15 studiepoeng)
MABARN435 Kunnskapsbasert barnevernfagleg praksis på individ- og systemnivå (15 studiepoeng)
4. semester
MABARN330 Masteroppgåve (30 studiepoeng)
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på dette studiet.
Med ein mastergrad i barnevern får du kvalifikasjonar for vidare forsking, formidling og undervisning på høgare nivå. Du kvalifiserar til vidare ph.d.-utdanning ved Det psykologiske fakultet.
Les meir om phd-programmet her
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.