Seks egenskaper du får på UiB
Mange jobber i samfunnet krever noen spesielle egenskaper. Mange av disse egenskapene utvikler du gjennom et universitetsstudium.
Dette er eit masterprogram for deg som vil fordjupe deg i eit av våre forskingsfelt: algoritmar, bioinformatikk, fagformidling, logikk, maskinlæring, optimering, sikker og påliteleg kommunikasjon eller visualisering.
Frammøte: Onsdag 8. januar kl. 10:15-13:00 i Stort auditorium, datablokken høyteknologisenteret, Thormøhlensgate 55
10:15 Obligatorisk informasjonsmøte
10:30 Møt forskningsgruppene
12:00 Felles lunsj med pizza
Oppmøte er obligatorisk. På møtet vert det gitt viktig informasjon om masterstudiet, emne og moglege tema for masteroppgåve. Dersom tvingande grunnar gjer at du ikkje kan delta i møtet, send ein e-post til studieveileder@ii.uib.no.
Sjekkliste: Bruk uib.no/sjekkliste for å bli klar for studia.
På masterprogrammet får du brei og oppdatert kunnskap innanfor informatikk og teknologi. Avhengig av studieretninga du vel, får du kunnskap og ferdigheiter til å analysere mange ulike problemstillingar og finne måtar å løyse dei på. Du får også innsikt i vitskaplege utfordringar og etiske aspekt innan informatikk.
Du får ein rettleiar som er djupt engasjert i forskingsfeltet du skal skrive om. Du kan velje masteroppgåvetema frå eit av desse fagområda: algoritmer, bioinformatikk, optimering, oikker og påliteleg kommunikasjon, visualisering, logikk, maskinlæring og fagformidling (meir info under studiets oppbygging)
Institutt for informatikk har eit internasjonalt miljø av dyktige og aktive informatikkstudentar og anerkjente forskarar. Vi oppmodar masterstudentar til å vere med i ei av forskingsgruppene ved instituttet. Det første semesteret skal du også velje individuell rettleiar og masteroppgåvetema.
I løpet av ei vanleg veke vil du ha seks forelesingar og tre seminargrupper. Undervisninga og litteraturen er hovudsakleg på engelsk. Vi held til på Høyteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar for informatikkstudentar. Her kan du studere aleine eller saman med medstudentar. Du kan òg sitte på Realfagsbiblioteket.
Studentane på Institutt for informatikk har ei eiga linjeforeining som blant anna organiserer faglege og sosiale arrangement.
Kandidatar frå dette masterprogrammet finn jobbar både i Noreg og i utlandet, i privat og offentleg sektor.
Du kan blant anna jobbe innanfor:
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
Søknadsfristen er 15. april for opptak til hausten og 1. november for opptak til våren.
Spesifikke opptakskrav for studieretningane:
Masterprogrammet i informatikk har sju studieretningar med spesifikke opptakskrav. Les meir om desse under "Studieretningar".
Undervisningsspråk: Norsk og engelsk
Studieprogrammet startar vår og haust.
1. og 2. semester
Algoritmar (INF234, 10 studiepoeng)
Valemne (50 studiepoeng)
3. og 4. semester
Masteroppgave (INF399, 60 studiepoeng)
eller
Masteroppgave (30 studiepoeng)
Valemne (30 studiepoeng)
Emnet Algoritmar (INF234, 10 studiepoeng) er obligatorisk. Dei resterande emna på 50 studiepoeng skal vere på 200- eller 300-nivå og heng saman med kva spesialisering og masteroppgåvetema du vel. Du vel emne i samarbeid med rettleiaren din.
Masteroppgåve: Masteroppgåve i informatikk INF399 er på 60 studiepoeng og skal skrivast dei to siste semestera. I samråd med rettleiaren kan du også velje å skrive ei masteroppgåve på 30 studiepoeng og utvide emnedelen tilsvarande.
Spesialiseringar i denne graden.
Benytt sjansen til å studere eit år eller halvår ved eit universitet i utlandet. Vi anbefaler at du reiser på utveksling i det andre eller tredje semesteret som masterstudent. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Austerrike, Spania, Tyskland eller ein annan plass.
Etter fullført mastergrad kan du søke på lønt stilling som doktorgradsstipendiat (PhD) innan informatikk.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.