Joint European Master's Programme in System Dynamics (EMSD) (master)

Systemdynamikk utforsker dynamikken i komplekse systemer, slik at vi kan forstå endring og identifisere potensielle løsninger. Det felles europeiske masterprogrammet i systemdynamikk gir studentene muligheten til å løse utfordringer fra virkeligheten, samtidig som de studerer i utlandet.

Kva lærer du?

Med ein felles europeisk mastergrad i systemdynamikk vil du:

  • Kunne forklare årsakene til uønska endringar over tid.
  • Forstå dei strukturelle elementa av dynamisk kompleksitet som driv endring i dynamiske system.
  • Takle dei iboande utfordringane med å forstå strukturen og åtferda til dynamiske sosiale system.
  • Utmerke deg i utvikling, simulering, validering og analyse av datamodellar for politikkutforming.
  • Bruke ulike former for kvalitativ empirisk forsking (t.d. intervju).
  • Gjennomføre gruppemodelleringsøkter.
  • Nytta systemdynamikk i lokalsamfunn, samt i offentleg og privat sektor.
Studiekvardag

Sidan denne graden blir tilbydd av fire institusjonar, vil du få tilbringe tid ved fleire universitet i ulike land i løpet av masterprogrammet.

Studieprogrammet er elevsentrert; læringa fokuserer hovudsakleg på studentane sine eigne aktivitetar, som modellering, analyse, skriving og presentasjonar. Simuleringsresultat gir umiddelbar tilbakemelding for å forsterke læringa. Oppgåver, elektroniske casestudiar og prosjektbasert læring blir brukt i stor grad. Å utføre modellbasert kunnskapsinnhenting trenar studentane i målretta informasjonsinnsamling og analyseprosessar.

Andre undervisningsformer vi bruker er førelesingar, laboratoriearbeid, dataøvingar, vekentlege oppgåver, interaktive læringsmiljø (ILE), litteraturstudium og presentasjonar.

Dette er eit fulltidsstudium som vil krevje dedikasjon og fokus, men det tilbyr også eit levande studentmiljø med samankomstar og nye vener.

Kva kan du jobbe som?

Våre tidlegare studentar jobbar i akademia og forskingsorganisasjonar, internasjonale organisasjonar og selskap, frivillige organisasjonar og konsulentselskap og større private og offentlege verksemder. Altså alle organisasjonar som står overfor komplekse, dynamiske utfordringar.

Med mastergrad i systemdynamikk vil du ha tileigna deg eit eineståande sett med ferdigheiter innan metodar, teknikkar og verktøy som går på tvers av disiplinar og sektorar. Du vil kunne bruke desse ferdigheitene til å betre kommunikasjonen gjennom kunnskapsframkalling og formidling; kunnskapsorganisering og analyse.

Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga. Sjå eigne sider om korleis du reknar ut snittet ditt.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Engelsk

Studiets oppbygging

Dette er eit fulltids, toårig masterprogram som startar i august. Programmet har to komponentar: eit emnedel (90 studiepoeng) og ei masteroppgåve (30 studiepoeng). Den totale arbeidsmengda er 120 studiepoeng.

1. semester: Bergen

GEO-SD302 – Fundamentals of Dynamic Social Systems (10 studiepoeng)

GEO-SD303 – Model-based Analysis and Policy Design (10 studiepoeng)

GEO-SD304 – System Dynamics Modelling Process (10 studiepoeng)

 

2. semester: Vår 2022 and vår 2024 - Palermo

Dynamic Performance Management for Public Sector Organizations (8 studiepoeng)

Dynamic Performance Management (10 studiepoeng)

Dynamic Performance Governance (12 studiepoeng)

 

2. semester: Vår 2023 and vår 2025 - Lisboa

Sustainability Science (10 studiepoeng)

Integrative Modelling (10 studiepoeng)

Sustainability Strategies (10 studiepoeng)

 

3. semester: Nijmegen

Det tredje semesteret tilbringer du ved Radboud University.

Computer simulation models and organizational decision-making (6 studiepoeng)

Group Model Building I (6 studiepoeng)

Decision making and knowledge (6 studiepoeng)

Group Model Building II (6 studiepoeng)

Dynamics of business strategy (6 studiepoeng)

 

4. semester

Det siste semesteret skriver du masteroppgaven din ved ett av de tre universitetene du studerte på i 1.-3- semester. 

GEO-SD360 – Master’s thesis in System Dynamics (30 studiepoeng)

Utveksling

På dette studieprogrammet får du studere på tre universiteter i tre land.

Vidare studiemoglegheiter

Med ein mastergrad i systemdynamikk kan du søke opptak til forskarutdanninga og ta ein doktorgrad (ph.d.).

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 98 50
E-post: advice.systdyn@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Joint European Master's Programme in System Dynamics (EMSD)