Tett på forskningen som masterstudent
Masterstudenten Marianne Borchgrevink-Brækhus merker stor forskjell på å studere bachelor og master. På masternivå blir hun mer inkludert i fagmiljøet og får samarbeide med gode veiledere.
Moderne teknologi er utenkjeleg utan matematikk. Det blir nytta overalt til å modellere vitskaplege, teknologiske og samfunnsmessige aktivitetar. Matematikk er også eit særs fasinerande og vakkert fag å forske på.
Med ei mastergrad i matematikk har du:
Matematisk institutt finn du i Realfagbygget på universitetsområdet i sentrum av Bergen. Miljøet er hyggeleg og uformelt, med studentar og tilsette frå heile verda. Du får eigen, fast plass på lesesalen saman med dei andre masterstudentane.
Gjennom det toårige programmet følger du emne eller spesialemne og skriv ei masteroppgåve. Nokre av emna innanfor spesialiseringane er obligatoriske, andre emne vel du i samråd med din faglege rettleiar. Emna har vanlegvis førelesingar og grupper som basis, om lag 14 timar per veke.
Du kan velje mellom ei masteroppgåve på 30 studiepoeng eller ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Masteroppgåva di skal vere eit sjølvstendig forskingsarbeid der du brukar formålstenlege metodar og vitskaplege framgangsmåtar i forskingsprosessen. Du samarbeider tett med ein fagleg rettleiar som har kompetanse på temaet du vel til masteroppgåva di.
Masterprogrammet i matematikk kvalifiserer deg til forsking, utvikling og undervising.
Våre kandidatar arbeider også innan:
Kunnskap om matematikk er etterspurt i arbeidsmarknaden, til dømes innan telekommunikasjon og informatikk, oljerelatert verksemd, leiing og administrasjon, finans, forsikring og utdanning.
Med masterprogrammet i matematikk er du kvalifisert til forsking, utvikling og undervising, og stillingar i dei mange sektorane der matematikkunnskap er etterspurt.
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
Undervisningsspråk: Norsk og engelsk
Masterprogrammet omfattar to studieår (fire semester), og startar haust eller vår.
Det første året følger du emne på til saman 60 studiepoeng. Emne, timeplanar og studieplanar kjem an på kva spesialisering du vel.
Vi tilbyr desse spesialiseringane
Det andre året skal du bruke til å arbeide med masteroppgåva, som utgjer 60 SP.
Alternativt kan du velje å skrive ei masteroppgåve som utgjer 30 studiepoeng, og følge emne på til saman 90 studiepoeng.
Du kan velje å ta første eller andre semester som utvekslingsstudent ved eit av partneruniversiteta våre.
Med ei mastergrad er du kvalifisert for vidare forsking, som å ta ei doktorgrad (ph.d.).
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.