Studieplan for MAMN-MAT Masterprogram i matematikk, vår 2026
Omfang og studiepoeng
Masterprogrammet har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.
Namn på grad
Masterprogrammet fører fram til graden Master i matematikk.
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Norsk og Engelsk
Studiestart - semester
Haust og vår.
Mål og innhald
Programmet rettar seg mot studentar som har interesse for matematikk, og som ønskjer å kvalifisere seg for forsking, utvikling eller undervisning i matematikk, eller i eit fagfelt der matematikk står sentralt.
Innan masterprogrammet i matematikk kan du velje tema for masteroppgåve innan følgjande forskingsfelt:
- Algebra: fagfelt der ein studerer polynomsystem, matriser og strukturar som Lie- og Hopf-algebraer, og korleis desse gir maskineri og symbolbruk for effektivt å forstå og utforske matematiske strukturar.
- Algebraisk geometri: eit fagfelt der ein nyttar teknikkar frå algebra og topologi for å studere geometriske objekt som kurver, flater og høgare dimensjonale mangfaldigheiter som kan definerast ved hjelp av polynom.
- Matematisk analyse: det matematiske fagfeltet der ein studerer funksjonar av reelle eller komplekse variablar, grensene deira, kontinuitet, derivasjons- og integrasjonseigenskapar, samt følgjer og rekkjer av slike funksjonar.
- Topologi: ei grein av matematikken der ein studerer geometriske former som kurver, flater og høgare dimensjonale rom.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
- har inngåande kunnskap innanfor matematikk
- kan relatere generelle og abstrakte omgrep og metodar til utrekningar og bruk
- har utstrakt erfaring med problemløysing og kunnskap om strategiar i å kombinere ulike metodar
- kan gjere greie for og drøfte grunnleggjande teori om strukturane i sin spesialisering
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan vurdere og grunngje val av metodar for å løyse matematiske problem og analysere kompliserte strukturar
- kan gjennomføre eit forsningsprosjekt på ein sjølvstendig og systematisk måte, derunder utvikle matematiske prov og utføre sjølvstendige matematiske resonnement og utrekningar
- kan skrive og framstille matematikk etter fagleg standard, og på ein forståeleg og leseverdig måte
- kan bruke kreativ problemløysing i teknisk kravjande materiale
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan analysere matematiske tekstar og forenkle matematiske resonnement ved å skissere strukturen og dei viktigaste elementa
- kan bruke kunnskapen nemnt over som grunnlag for ein kritisk tilnærming til bruk av faget.
- kan løyse komplekse problem, også i tilfeller der metodevalet i utgangspunktet er ulart eller der flerie metodar må kombinerast
- demonstrerer forståing og respekt for vitskaplege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit
- kan tenke analytisk
- kan følge god og etisk praksis for vitskapleg kommunikasjon
Opptakskrav
Opptakskravet til masterprogrammet i Matematikk er ein bachelorgrad, eller tilsvarande grad, med ei fagleg fordjuping i matematikk på minst 80 studiepoeng. Dei 80 studiepoenga må dekkje kalkulus, lineær algebra, reell analyse, funksjonar av fleire variable, algebra, samt minst to av emna komplekse funksjonar, kommutativ algebra, topologi eller mangfaldigheiter.
Innhald og nivå på emna må tilsvare UiB sine emne:
MAT111 Grunnkurs i matematikk I, MAT112 Grunnkurs i matematikk II, MAT121 Lineær algebra, MAT211 Reell analyse, MAT212 Funksjonar av fleire variable, MAT220 Algebra, samt minst to av kursa MAT213 Komplekse funksjonar/MAT216 Kompleks analyse, MAT224 Kommutativ algebra, MAT242 Topologi eller MAT243 Mangfaldigheiter.
Tilrådde forkunnskapar
Dette er avhengig av tema for masteroppgåva. Meir om tilrådde forkunnskapar og emne i samband med tema for masteroppgåve:
- Algebra: det er sterkt tilrådd å ta MAT224 Kommutativ algebra, MAT228 Algebraiske strukturar eller MAT243 Mangfaldigheiter før opptak. Andre sentrale emne som kan takast før opptak eller i masterprogrammet er: MAT221 Diskret matematikk og MAT229 Algebraisk geometri I.
- Algebraisk geometri: det er sterkt tilrådd å ta MAT224 Kommutativ algebra og minst eitt av MAT242 Topologi eller MAT243 Mangfaldigheiter før opptak. Andre sentrale emne som kan takast før opptak eller i masterprogrammet er: MAT213 Komplekse funksjonar/MAT216 Kompleks analyse og MAT229 Algebraisk geometri I.
- Matematisk analyse: det er sterkt tilrådd å ta MAT213 Komplekse funksjonar/MAT216 Kompleks analyse, MAT232 Funksjonalanalyse eller MAT242 Topologi før opptak. Andre sentrale emne som kan takast før opptak eller i masterprogrammet er: MAT215 Mål- og integralteori, MAT243 Mangfaldigheiter, MAT234 Partielle differensiallikningar og MAT342 Differensialgeometri.
- Topologi: det er sterkt tilrådd å ta MAT242 Topologi eller MAT243 Mangfaldigheiter før opptak. Andre sentrale emne som kan takast før opptak eller i masterprogrammet er: MAT213 Komplekse funksjonar/MAT216 Kompleks analyse, INF223 Kategoriteori og MAT244 Algebraisk topologi.
Obligatoriske emne
For å oppnå ein mastergrad i matematikk må føljande emne vere tekne i løpet av bachelor- eller masterstudiet:
- Tre av dei fem emna MAT216 Kompleks analyse, MAT224 Kommutativ algebra, MAT242 Topologi, MAT243 Mangfaldigheiter, MAT232 Funksjonalanalyse
- Minst eitt av emna MAT215 mål- og integralteori, MAT228 Algebraiske strukturar, MAT229 Algebraisk geometri I, MAT244 Algebraisk topologi, MAT342 Differensialgeometri.
Resten av emna må vere på 200- og 300-talsnivå. Emne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samråd med rettleiar for å gje eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva. Sjå forrige punkt for kva emne som passar spesielt saman med tema for masteroppgåva.
Tilrådde valemne
Valfrie studiepoeng skal veljast i samråd med rettleiar.
Delstudium i utlandet
Opphaldet ved lærestadar i utlandet skal avtalast med rettleiar, og skal være ein del av masteravtalen.
Arbeids- og undervisningsformer
Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan. Undervisningsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Vurderingsformer
Når masteroppgåva er innlevert, godkjent og vurdert, avsluttes studiet med ein munnleg mastergradseksamen.
Vurderingsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma Supplement) på engelsk blir utstedt når graden er fullført.
Karakterskala
Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F
Karakterskala for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Grunnlag for vidare studium
Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanning (ph.d.-grad) innanfor relevant fagområde. For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanning må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre. Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.
Relevans for arbeidsliv
Masterprogrammet i matematikk gir ein teoretisk tyngde som er etterspurd i mange yrke, for eksempel innanfor følgjande verksemder: Tele- og informatikk, oljerelatert verksemd, forvalting, finans og forsikring, undervisning. Du kan til dømes arbeide som lektor viss du også tek praktiskpedagogisk utdanning. Går du vidare med doktorgrad, er forskarstillingar innan universitet og høgskolar aktuelle.
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Programstyret ved Matematisk institutt har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Matematisk institutt har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: e-post studierettleiar@math.uib.no
Tlf 55 58 28 34