Seks egenskaper du får på UiB
Mange jobber i samfunnet krever noen spesielle egenskaper. Mange av disse egenskapene utvikler du gjennom et universitetsstudium.
På masterprogrammet i medie- og interaksjonsdesign lærer du å designe og utvikle engasjerande løysingar for nye media.
Mastergraden er ei bransjenær utdanning som gjer deg i stand til å konstruere prototypar på nye medium, og evaluere brukaropplevingane til både medieprodusentar og mediebrukarar.
Sentrale problemstillingar i faget er:
Gjennom media får befolkninga informasjon som gjer det mogleg å delta i den offentlege debatten. I mediefeltet ser vi ein økt førespurnad etter nye tekniske løysingarogløysingar, og nye format for publikumsdeltaking og brukargenerert innhald.
Med denne utdanninga kan du identifisere og utvikle moglege løysingar på dei utfordringane media har når det gjeld å skape betre og meir effektiv arbeidsflyt.
Du vil få ein kompetanse som kombinerer teknisk utvikling med kritisk og kreativ tenking.
Framfor forelesningar, skjer undervisninga heller gjennom seminargrupper, workshoppar, diskusjonsgrupper og feltkurs. Dette er eit fulltidsstudium, og du må rekne med å delta i 8 timar organisert undervisning kvar veke, i tillegg til sjølvstudium. Undervisninga og litteraturen er på engelsk.
Det første året har du tilgang til delt lesesal, mens du på andre året kan søke om fast lesesalplass. Alle emna (faga) er obligatoriske, og det er obligatoriske arbeidskrav knytt til kvart emne.
Undervisninga er i Media City Bergen, der universitetet held til saman med medie- og medieteknologiselskap som TV2, NRK, Vizrt, Bergens Tidende, Mediability og Vimond. Samtidig som undervisninga er teoretisk rotfesta i medievitskap, interaksjonsdesign og kommunikasjonsteori gir den også studentane ein nærleik til mediebransjen.
Ettersom nær sagt alle sektorar i dag er digitalisert, er det aukande merksemd rundt det å gjere digitale løysingar meir brukarvenlege. Å vere i stand til å forstå kva brukarar i ulike situasjonar treng, og å lage løysingar for dette, er eigenskapar som blir stadig meir etterspurt.
Nokre av jobbane du kan få med denne utdanninga inkluderer:
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.
Undervisningsspråk: Engelsk
Mastergradsstudiet i medie- og interaksjonsdesign er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august.
1. semester
MIX301 – Medieteknologi: teori og utvikling (15 studiepoeng)
INFO361 – Forskingstema i menneske-maskin interaksjon (HCI) (15 studiepoeng)
2. semester
MIX303 – Forskingsdesign og feltstudiar (15 studiepoeng)
MIX333 – Dataspelforteljingar (15 studiepoeng)
3. og 4. semester
MIX350 – Masteroppgåve (60 studiepoeng)
Du kan gjennomføre masterprosjektet i samarbeid med eit medie- eller medieteknologiselskap. Du kan kontakte selskap på eiga hand for å avtale samarbeid, men ulike selskap vil også kome til oss for å presentere idear til masterprosjekt.
Les om masterstudentene som fikk TV 2s studentstipend
Det praktiske arbeidet med masterprosjektet kan vere ein prototype på ein praktisk applikasjon, men kan òg vere ei evaluering av eit interaktivt medium eller ein produksjonsstudie.
Det er ikkje mogeleg å reise på utveksling på dette studieprogrammet.
Med ein mastergrad kan du óg søke opptak til forskarutdanninga og ta ein doktorgrad (ph.d.).
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.