Utøvende musikk eller komposisjon (bachelor)

Griegakademiet tilbyr ei av landets beste musikkutdanningar. I eit kreativt miljø kan du utvikle dine ferdigheiter og kunstnariske potensiale, og fordjupe deg på ditt hovudinstrument.

Kva lærer du?

Instituttet tilbyr fagleg kompetanse og fasilitetar som gjer det mogleg å utforske eit breitt spekter av kunstnariske praksisar, metodar og uttrykk. Vi vektlegg kritisk tenking og sjølvstendig tilnærming.

Du får undervisning individuelt og i grupper innanfor hovuddisiplinen din. Du lærer også om musikkhistoria og samanhengen mellom musikk, kultur og samfunn, og du får ei innføring i relevant musikkteori og utøvande støttedisiplinar.

 På bachelorprogrammet vil du få kunnskap om musikken sine funksjonar, både i eit kulturelt perspektiv og i eit samfunnsperspektiv, og innsikt i musikklivet og bransjen sine krav til ein profesjonell musikar.

Du lærer å

  • oppdatere eigen kunnskap
  • reflektere rundt eigen praksis og faglege problemstillingar
  • ta ansvar for eiga faglege utvikling
  • arbeide målretta og sjølvstendig, åleine og saman med andre
Studiekvardag

Griegakademiet tilbyr ei utdanning i eit kreativt miljø på tvers av studieretningar. Du blir godt kjent med medstudentane dine og vil arbeide saman med alle årstrinn i forskjellige settingar. 

Undervisninga er lagt opp av 

  • forelesingar 
  • seminargrupper 
  • praktiske øvingar 
  • feltkurs 
  • sjølvstudium 
  • forum basert på instrument og instrumentgruppe/sjanger 
  • konsertar 

Dei to første åra bruker du tid på både hovudinstrument og grunnleggande musikkteori. Dei to siste åra bruker du på spesialisering gjennom hovudinstrument og valemne. 

Studiet legg godt til rette for at du kan fokusere på interesser og repertoar som er relevant for ditt hovedinstrument/din disiplin. I tillegg består studiet av 60 frie studiepoeng som skal fyllast med valemne. Griegakademiet tilbyr ei rekke musikkfaglege valemne, i tillegg kan du velje blant mange andre opne emne som UiB tilbyr. 

Kva kan du jobbe som?

Gjennom det fireårige programmet legg du grunnlaget for ein karriere som utøvande og skapande musikar, og eit grunnlag for vidare studium innan høgare utøvande musikk eller komposisjon. Dersom du vel å ta praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i etterkant av eller integrert i bachelorgraden, får du også ein formell kompetanse til å jobbe i skolen eller i kulturskolen. 

Etter endt bachelorutdanning er du godt rusta for å kunne arbeide som 

  • frilansmusikar 
  • frilanskomponist 
  • orkestermusikar 
  • undervisar  
Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

Du må i tillegg til generell studiekompetanse bestå utøvande opptaksprøver innan din hoveddisiplin/ditt hovedinstrument.

https://www.uib.no/grieg/25211/bachelorprogram-i-ut%C3%B8vende-musikk-e…

Søknadsfrist: 15. desember
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

Bachelorprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon er eit fireårig fulltidsstudium som startar i august.

1. og 2. studieår

Hovudinstrument eller komposisjon blir kombinert med musikkteoretiske emne.

Studiet av hovudinstrument omfattar mellom anna, utvikling av teknikk og personleg uttrykk, interpretasjon, repertoarkunnskap, ensembleaktivitetar, fellesprosjekt, og instrumentkunnskap/stemmefysiologi.

3. og 4. studieår

I det tredje og fjerde året kan du velje emne etter kva du interesserer deg for.

Sjå oversikt over alle emne

Slik kan studiet sjå ut:

1. år

Utøvande hovuddisiplin - 25 studiepoeng

Utøvande støttedisiplin - 5 studiepoeng

Akademisk skriving - 5 studiepoeng

Musikkhistorie - 10 studiepoeng

Musikkteori I - 15 studiepoeng

2. år

Utøvande hovuddisiplin - 25 studiepoeng

Utøvande støttedisiplin - 5 studiepoeng

Musikk, kultur og samfunn - 15 studiepoeng

Musikkteori II - 15 studiepoeng

3. år

Utøvande hovuddisiplin - 25 studiepoeng

Utøvande støttedisiplin - 5 studiepoeng

Valemne - 30 studiepoeng

eller

Utveksling - 60 studiepoeng

4. år

Utøvande hovuddisiplin - 25 studiepoeng

Utøvande støttedisiplin - 5 studiepoeng

Valemne - 30 studiepoeng

Sjå oversikt over alle emne

Studieretningar
Utveksling

På utøvende musikk eller komposisjon er det vanleg å reise på utveksling i femte og sjette semester. Vi har utvekslingsavtalar med universitet i mange land, som for eksempel Sverige, Danmark, Tyskland, Frankrike og USA. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Etter bestått bachelorutdanning kan du søke opptak til UiBs masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon eller praktisk-pedagogisk utdanning, PPU. PPU kan også gjennomførast integrert på 3. og 4. studieår i bachelorprogrammet.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55587300
E-post: studieveileder.kmd@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i utøvende musikk eller komposisjon