Kunstige agentar
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- AIKI110
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Kunstig intelligens kan definerast som eit felt som gjer analyse og syntese av intelligent atferd til kunstige digitale agentar. Dette kurset fokuserer på "agent" som eit digitalt omgrep og gjev ei innføring i korleis omgrepet vert sett på og nytta innan kunstig intelligens, inkludert moralske sider, samarbeid og konkurranse mellom kunstige og naturlege agentar.
Kurset dekkjer eit utval av følgjande tema: modellering av agentar, programmering av agentar, autonom agent-arkitektur, introduksjon til multi-agent-system (MAS), kontrollsystem og grunnleggjande robotikk. Dei praktiske aspekta av kurset dreier seg om agentprogrammering.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- Kan beskrive og formelt definere omgrepa kunstig agent og multi-agent-system
- Kan identifisere dei kognitive aspekta ved robotikk
- Kan liste opp ulike tilnærmingar til formell spesifikasjon av kunstige agentar
Dugleikar
Studenten
- Kan implementere høgnivå-atferd til agentar og agent-interaksjon i eit system
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er åpent for studenter med studierett på UiB.
Emnet har 60 studieplassar og opptak skjer etter søknad i StudentWeb.
Studentar på bachelorprogrammet i kunstig intelligens er garantert plass, studentar ved bachelorprogrammet i media- og interaksjonsdesign er prioritert til de resterende plassene.
Ved fleire søkjarar enn plassar vert studentane rangert etter snittkarakterer.
Søknadsfrist er mandag uke 2.
Du får svar på om du har fått plass på emnet seinast torsdag samme uke som fristen.
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Obligatoriske innleveringar av seminaroppgåver, som må gjerast i undervisningssemesteret og 75% av dei godkjennast.
- Obligatorisk deltaking: Oppmøte på lab- og seminargrupper (minst 75%).
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret skal leverast på same språk som eksamensoppgåva.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær etter UiBs studieforskrift § 5-5.
Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:
- Avbrot under eksamen
- Stryk/ikkje bestått
Studentar kan etter 15. januar/1. august melde seg opp sjølv i studentweb.