Geologi i praksis

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål:

Målet med emnet er å gje ei praktisk og realistisk utforsking av faget geologi, basert på den grunnleggande teoretiske innføringa frå GEOV101. Planeten Jorda er eit komplekst system der prosessar med ulike hastigheiter over geologisk tid har danna ulike bergartar og landformer. Emnet skal styrke forståinga av dei indre og ytre geologiske prosessane som er relevante for geologien på Vestlandet.

Innhald:

Undervisninga gis som praktiske øvingar, ekskursjon (4 dagar), feltkurs (4 dagar), og einskilde førebuande forelesingar.

  • Øvingane tek for seg kart og digitale kartverktøy, geologisk tid, dei vanlegaste minerala og bergartane, ytre prosessar og deira karakteristiske formar for erosjon og avleiring (jordart og landformer), samt tolking av ulike typar geologiske kart.
  • Ekskursjonen tek for seg korleis observasjon og tolking blir brukt for å utleie ei geologisk historie, innafor sedimentær, magmatisk og metamorf geologi, samt for havnivåendringar, istids- og klimahistorie på Vestlandet.
  • Feltkurset tek for seg bruk av grunnleggande geologiske feltverktøy (kompass, feltdagbok), praktisk innsamling av observasjonar og geologiske data, tolking av observasjonar og data, samt gir trening i sjølvstendig geologisk feltarbeid (under rettleiing).

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan gjere geologiske observasjonar og tolke dei
  • kan forklare geologiske prosessar basert på eksempel frå praktiske øvingar og demonstrasjonar
  • kan definere, skildre og klassifisere dei vanlegaste sedimenta og bergartane
  • kan diskutere danninga av dei vanlegaste sedimenta og bergartane
  • kan konstruere ei geologisk historie på bakgrunn av geologisk informasjon

Ferdigheiter

Studenten

  • kan tolke topografiske og geologiske kart
  • kan konstruere geologiske profil frå geologiske kart
  • kan planlegge og gjennomføre innsamling av observasjonar og data i felt
  • kan måle orienteringa av geologiske plan og lineasjonar ved bruk av kompass
  • kan gjennomføre enkle søk etter relevant geovitskapleg litteratur, samt nytte korrekt kjeldetilvising

Generell kompetanse

Studenten

  • kan anvende eit presist fagspråk til å skildra og diskutera geologiske prosessar og hendingar
  • kan demonstrere evna til å fungere individuelt og i samarbeid med andre
  • kan planlegge og gjennomføre feltarbeid i samsvar med GEO/UiB sine HMS-retningslinjer

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Lågaregradsemne

Undervisningssemester

Vår

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info:

https://www.uib.no/nt/53575/undervisningsopptaket-ved-nt-fakultetet

Undervisningssted

Bergen og feltundervisning i Hordaland

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

GEOV101 eller tilsvarande

Studiepoengsreduksjon

10 sp overlapp med GEOL102

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi https://www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førebuande forelesingar, praktiske øvingar, ekskursjon og feltkurs.

  • Forelesingar, 2-4 timar i tre veker
  • Praktiske øvingar, 2-4 timar i veka i 15 veker
  • Ekskursjon, 4 dagar i veka i ei veke
  • Feltkurs, 2 dagar i veka i to veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1. Deltaking på alle øvingar og og gjennomføring av arbeidskrav (quiz, gruppepresentasjon, gruppe- og plenumsdiskusjonar)

2. Deltaking på ekskursjon

3. Deltaking på feltkursa

Godkjende obligatoriske øvingar, arbeidskrav og feltkurs er kun gyldige i undervisningssemester

Godkjend obligatorisk ekskursjon er gyldig i 4 påfølgjande semester

Vurderingsformer

Mappevurdering

Mappa inneheld oppgåver og essay (20%), gruppevis ekskursjonsrapport (30%), individuelle feltkursrapporter (50%)

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta. Graden A er best mogleg karakter, medan F er stryk.

Vurderingssemester

Det er berre mogelegheit for vurderingsmelding og innlevering av mappe i det semesteret emnet vert undervist.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarlig

Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.