Innføring i programmering

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet gjev innføring i programmering. Studentane skal læra å skriva enkle program og forstå grunnleggjande omgrep i eit moderne programmeringsspråk, blant anna variable, tal- og tekst-operasjonar, val- og løkkestrukturar, funksjonar, iterasjon, samlingsstrukturar, filer, klassar og elementære prinsipp for objekt-orientering.

Emnet gjev ei praktisk innføring i programmeringsspråket Python.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om sentrale omgrep innan programmering og korleis desse vert realisert i eit moderne programmeringsspråk.
  • har kjennskap til datamaskinen sin virkemåte, eksekvering og datalagring.

Ferdigheit

Kandidaten

  • har erfaring med bruk av programmeringsomgrep og programmeringskonstruksjonar.
  • har erfaring med verktøy som vert nytta for å skrive, køyre og teste enkle program.
  • kan utforme enkle program som handterer ulike type data

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Berre for studentar på følgjande studieprogram:

  • Bachelorprogram i informasjonsvitskap
  • Årsstudium i informasjonsvitskap
  • Bachelorprogram i kunstig intelligens
  • Bachelorprogram i medie- og interaksjonsdesign
  • Masterprogram i informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør)

Om våren undervisast DATA110 Innføring i programmering (10 sp). Dette er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og labøvingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Hovudinnleveringar som må godkjennast.
  • Temainnleveringar, der 80% må godkjennast.

Oppgåvene er gyldige i fire semester etter det semesteret dei har vore godkjende. Gyldige obligatoriske arbeidskrav er ekvivalente med obligatoriske arbeidskrav på DATA110.

Vurderingsformer

4 timar karaktersett skriftleg eksamen.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret skal leverast på same språk som eksamensoppgåva.

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5.

Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:

  • Avbrot under eksamen
  • Stryk/ikkje bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.

Studentar som har gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet frå INFO132 kan ta ordinær eksamen i DATA110.

Avgrensninga i talet på vurderingsforsøk (UiBs studieforskrift §8-1(1)) gjeld samla for emna DATA110 og INFO132.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Hjelpemiddel til eksamen

Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet.

Programansvarlig

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarlig

Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.