Nyare sosiologiske teoriar
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- SOS122
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:
Kunnskapar
Etter avslutta emne kan studenten
- gjere greie for sentrale nyare sosiologiske teoriar og ulike teoretiske perspektiv knytt til tilhøvet mellom handling og sosial orden
- gjere greie for og skilje ulike omgrep om sosial-, kulturell -og økonomisk kapital, og omgrepa om livsverda og samfunnet som sosiale drama, og gjera greie for ulike perspektiv på globalisering og det globale samfunnet
- plassere teoriane i høve til samfunnskontekst og historisk tid, og gjere greie for korleis nyare sosiologiske teoriar kan gje bidrag til å forstå, forklara og analysera dei globale samfunnstilhøva og den postmoderne kulturelle tilstanden.
Dugleikar
Etter avslutta emne kan studenten
- svare på problemstillingar på ein analytisk og drøftande måte med grunnlag i vitskaplege tekstar
- kunne bruke ulike teoretiske perspektiv og omgrep for å forstå og diskutere den globale historiske konteksten
- ha innsikt i den aktuelle relevansen til dei nyare sosiologiske teoriane
- skrive ein tekst ut frå faglege etiske kriterium, korrekte litteraturreferansar og kjeldetilvisingar
Generell kompetanse
Etter avslutta emne har studenten
- forståing og respekt for akademisk skrivearbeid og vitskapleg tenkjemåte
- forståing av kor viktig det er at ulike faglige synspunkt kjem fram og blir diskuterte
- generelle dugleikar i kritisk tenking og evne til å skilje mellom argument ut i frå kva for teoretiske perspektiv dei er grunna i
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei innleveringsoppgåve (2000 ord, +/- 10%, ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg) som skal vere godkjend før studenten kan gå opp til eksamen i emnet.
Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle semesteret samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
4 timars skriftleg skuleeksamen.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.
Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:
- Avbrot under eksamen
- Stryk/ikkje bestått
Studentar kan etter 15. januar melde seg opp sjølv i studentweb