Allmenn litteraturvitskap: Litteratur frå antikken til renessansenitteraturvit

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet består av ei rekke litterære hovudverk og eit utval sentrale tekstar om grunnlagsproblem i eldre litteraturteori (historisk poetikk) frå antikken fram til renessansen. Utvalde sekundærlitterære tolkingar av sentrale pensumverk inngår òg i studiet. ALLV111 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten

  • gode kunnskapar i den eldre litteraturen frå antikken til renessansen
  • god kjennskap til teoretiske problemfelt i den eldre litteraturen

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten

  • på eit grunnleggjande nivå fortolke og samanlikne viktige verk og forfattarar i litteraturen frå antikken til renessansen
  • gjere greie for kjenneteikn ved litteraturteori og estetikk i tida frå antikken og fram til renessansen

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten

  • arbeide sjølvstendig med ei problemstilling og presentere resultat frå dette arbeidet i skriftleg, akademisk form
  • leite opp nødvendig informasjon og bakgrunnsmateriale til sjølvstendig arbeid med akademiske tekstar og problemstillingar

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga blir gitt i fyrste halvdel av vårsemesteret (på heiltid).

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Overlapp til ALLV102 10 stp.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og kollokvium. Normalt omfang er åtte til tolv undervisningstimar og to kollokvietimar per veke i fyrste halvdel av vårsemesteret.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal skrive ei obligatorisk øvingsoppgåve på maks 1500 ord. Oppgåva skal vere i Times New Roman eller liknande, skriftstorleik 12, linjeavstand 1,5. Faglærar godkjenner obligatorisk undervisningsaktivitet.
Vurderingsformer

6-timars skuleeksamen

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Fyrste halvdel av vårsemesteret. Det er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.
Litteraturliste
Emnet består av episk (narrativ) litteratur, lyrikk, drama og essay og eldre litteraturteori. Pensumet er samansett både av skjønnlitteratur og av teoretiske tekstar.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne.
Programansvarlig
Programstyret for allmenn litteraturvitskap
Emneansvarlig
Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap
Administrativt ansvarlig
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium