Allmenn litteraturvitskap: Eldre litteratur og poetikk frå renessansen til opplysingstida

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet består av ei rekke litterære hovudverk og eit utval sentrale tekstar om grunnlagsproblem i eldre litteraturteori (historisk poetikk) frå renessansen til og med opplysningstida.

Utvalde sekundærlitterære tolkingar av sentrale pensumverk inngår òg i studiet. ALLV112 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten

  • gode kunnskapar i den eldre litteraturen frå renessansen til og med opplysningstida
  • god kjennskap til teoretiske problemfelt i den eldre litteraturen

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten

  • på eit grunnleggjande nivå fortolke og samanlikne viktige verk og forfattarar i litteraturen frå renessansen til og med opplysningstida
  • gjere greie for kjenneteikn ved litteraturteori og estetikk i tida frå renessansen til og med opplysningstida

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten

  • arbeide sjølvstendig med ei problemstilling og presentere resultat frå dette arbeidet i skriftleg, akademisk form
  • leite opp nødvendig informasjon og bakgrunnsmateriale til sjølvstendig arbeid med akademiske tekstar og problemstillingar

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Siste halvdel av vårsemesteret.

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Overlapp ALLV102 10 studiepoeng og ALLV103 5 studiepoeng
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og diskusjon, og dessutan praktiske skriveøvingar i kollokvium. Normalt omfang er åtte til tolv undervisningstimar og to kollokvietimar per veke i siste halvdel av vårsemesteret.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å ha ei rettleiing knytt til semesteroppgåva. Studentane skal òg svare på inntil fem oppgåver som vil vere tilgjengelege på Mitt UiB. Studentane har fem dagar til å svare på oppgåvene. Oppgåvesvara skal vere i Times New Roman eller liknande, skriftstorleik 12, linjeavstand 1,5. Faglærar godkjenner obligatorisk undervisningsaktivitet. Godkjenning av obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.
Vurderingsformer

Skriftleg semesteroppgåve på ca. 3500 ord. Oppgåva skal vere i Times New Roman eller liknande, skriftstorleik 12, linjeavstand 1,5. Litteraturliste, eventuell forside, innhaldsliste og vedlegg er ikkje inkludert i ordtellinga.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A - F.
Vurderingssemester
Siste halvdel av vårsemesteret. Det er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.
Litteraturliste
Emnet består av episk (narrativ) litteratur, lyrikk, drama og essay og eldre litteraturteori. Pensumet er samansett både av skjønnlitteratur og av teoretiske tekstar.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Programansvarlig
Programstyret for allmenn litteraturvitskap
Emneansvarlig
Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap
Administrativt ansvarlig
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium