Allmenn litteraturvitskap: Moderne litteratur og poetikk frå romantikken til og med i dag

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet består av ei rekke litterære hovudverk frå romantikken til og med i dag, samt eit utval litteraturteoretiske tekstar frå 1800-talet. Det vil bli lagt vekt på å sjå verka i lys av dei store litteraturhistoriske linjene (romantikk, realisme, modernisme, postmodernisme, etc.). Utvalde sekundærlitterære tolkingar av sentrale pensumverk inngår òg i studiet.

ALLV113 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten

- gode kunnskapar i den eldre litteraturen frå romantikken til og med i dag

- god kjennskap til korleis skiftande epokar har forstått kva litteratur er og korleis litterære tekstar fungerer

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten

- på eit grunnleggjande nivå fortolke og samanlikne viktige verk og forfattarar i litteraturen frå romantikken til og med i dag

- gjere greie for kjenneteikn ved litteraturteori og estetikk i perioden

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten

- arbeide sjølvstendig med ei problemstilling og presentere resultat frå dette arbeidet i skriftleg, akademisk form

- leite opp nødvendig informasjon og bakgrunnsmateriale til sjølvstendig arbeid med akademiske tekstar og problemstillingar

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Overlapp ALLV103 10 studiepoeng
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og kollokvium. Normalt omfang er fire til seks undervisningstimar per veke i undervisningsperioden.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal svare på inntil fem oppgåver som vil vere tilgjengelege på Mitt UiB. Studentane har fem dagar til å svare på oppgåvene. Oppgåvesvara skal vere i Times New Roman eller liknande, skriftstorleik 12, linjeavstand 1,5. Faglærar godkjenner obligatorisk undervisningsaktivitet.
Vurderingsformer

4 dagars heimeeksamen med eit omfang på ca. 2500 ord. Oppgåva skal vere i Times New Roman eller liknande, skriftstorleik 12, linjeavstand 1,5. Litteraturliste, eventuell forside, innhaldsliste og vedlegg er ikkje inkludert i ordtellinga.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet. Eksamenssvaret Oppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A - F.
Vurderingssemester
Haust. Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.
Litteraturliste
Emnet består av episk (narrativ) litteratur, lyrikk, drama og essay og eldre litteraturteori. Pensumet er samansett både av skjønnlitteratur og av teoretiske tekstar.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Programansvarlig
Programstyret for allmenn litteraturvitskap
Emneansvarlig
Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap
Administrativt ansvarlig
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium