Innføring i arabiskfaget og moderne standardarabisk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- ARA100
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk eller engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Dette er eit tilbod til studentar som treng grunnopplæring i moderne standardarabisk. Studentane skal læra arabisk alfabet, uttale, oppnå ein viss lese- og skrivedugleik. Studentane får en introduksjon i enkelte tema i moderne arabisk grammatikk. I tillegg skal studentane skaffa seg oversyn over kultur og samfunn i den arabiske verda (geografi, historie, religion, etc.). Emnet er ikkje obligatorisk for å kunne gå vidare til spesialiseringa i arabisk.
Læringsutbytte
Etter fullført emne:
- beherskar studentane arabisk skrift og uttale
- har studentane eit ordforråd på ca. 350 ord
- kan studentane lese og omsette enkle nivåtilpassa arabiske tekstar
- kan studentane gjere greie for enkelte tema i arabisk grammatikk
- har studentane eit oversyn over kultur og samfunn i den arabiske verda
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust
Undervisningssted
Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
For å kunne gjennomføra dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk. Det blir tilrådd at studentar som ønskjer ARA100 som del av bachelorgraden sin, særleg dei som har lita røynsle med framandspråk, tek ex.fac.-varianten Språk og kommunikasjon.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det blir kravd at studentane deltek på minimum 21 av 28 førelesingar/øvingar for å få gå opp til vurdering i emnet.
Vurderingsformer
Vurderingsforma er éin skriftleg eksamen på to timar. Eksamenen er sett saman av dei to komponentane arabisk språk, og kultur og samfunn. Eksamenen vil innehalde både teoretiske og praktiske oppgåver. Begge komponentane må vere bestått for at emnet skal vere bestått.
Karakterskala
Greidd / ikkje greidd.
Litteraturliste
Lærebøker og kompendium tilpassa kursopplegget.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitets-sikringssystem. Metoden for evalueringa er elektronisk, anonymt skjema.