Menneske, utvikling og samfunn: frå dei første menneska til slutten av bronsealderen ca. 500 f.Kr.
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- ARK130
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk/ engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet er obligatorisk i ein bachelorgrad i arkeologi.
Læringsmål
Emnet tek sikte på å gje:
1) Ei allmenn innføring menneskeleg evolusjon
2) Innsikt i jeger-og snakarsamfunn i Midtausten og Europa
3) Ei allmenn innføring i utviklinga av jordbruk og jordbruksøkonomi
4) Ei innføring i tidleg metallbruk, i utvikling av hierarkiske samfunn og urbanisering, og i materielle uttrykk som kan knytast til ideologien i slike samfunn
5) Ei oversikt over den samfunnsmessige utviklinga fram til slutten av bronsealderen.
Fagleg innhald
Emnet handlar om dei tidlegaste menneska si biologiske og kulturelle utvikling under den eldste steinalderen frå omtrent 3 millionar år sidan fram til det moderne mennesket. Her blir den globale spreiinga av jegerar-sankarar frå Afrika til Europa, Asia, Australia og Amerika følgd. Vidare fokuserer emnet på seinpaleolittikum og mesolittikum i Europa og Norden. Også seinare tider sine jegerar-sankarar og deira samhandling med tidlege jordbrukssamfunn blir tatt opp. Sosiale og kulturelle sider av desse tidlege samfunna vert vektlagt, som teknologi og økonomisk organisering. Emnet tar videre opp framveksten av jordbruk i Midtausten, med utbreiing og transformasjonar i Middelhavsområdet via Søraust-Europa til Norden. Dei ulike typane av jordbruksøkonomi og den sosiale og kulturelle organisasjonen til dei første jordbrukarane blir beskrive og diskutert. Vidare belyser emnet utviklinga av hierarkiske samfunn, frå tidlege urbane samfunn, bystatar og imperia i Midtausten og Middelhavsområdet til framveksten av komplekse hierarkiske samfunn i Sentral- og Nord-Europa under sein steinalder og bronsealder. Utviklinga av langvegs kontaktar og utveksling av ulike ressursar blir følgd fram til og med dei omfattande utbyttesnettverka under bronsealder. Måten ideologiar blir uttrykte på blir vektlagd; frå dei tidlegaste indikasjonar på symbolsk åtferd til komplekse symbolske uttrykk i bergkunst og materiell kultur under tida etter den seinaste istid.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten:
- har grunnleggjande kunnskap om hovudlinene i kultur- og samfunnsutviklinga og innsikt i endringar i økonomiske og sosiale tilhøve fram til 500 f.Kr.
- kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor perioden
- kan oppdatere kunnskapen sin innanfor perioden
- kjenner til periodens utvikling, historie, tradisjoner, eigenart og plass i samfunnet
Ferdigheiter
Studenten:
- kan setje seg inn i fagtekstar og skrive resonnerande tekstar
- kan anvende fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og gjere greie for sine val
- kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing
- kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff, og knytte dette til ein problemstilling
- kan anvende relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer, som er relevante for forskinga i perioden frem til 500 f.Kr.
- kan problematisera, nytta relevant fagterminologi og drøfta arkeologiske framstillingar innan temaet
- kan vurdera og analysera litteratur, identifisera viktige kategoriar av funn og gjera sjølvstendige vurderingar.
Generell kompetanse
Studenten:
- har kunnskap om relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
- kan i tråd med etiske krav og retningsliner presentere sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar
- kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innanfor fagområdet og delta i diskusjonar
- kan setje seg inn i ein omfattande faglitteratur, formidle kunnskap og synspunkt derifrå, og gjere eigne vurderingar i skriftlege arbeid.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på oppgåveseminaret er obligatorisk.
Obligatoriske krav er kun gyldige i det undervisningssemesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer
Eksamen er ein semesteroppgåve på 3000 ord. Oppgåvene vil bli delt ut tidleg i semesteret.
Eksamensoppgåvene vil bli gitt på norsk og/eller engelsk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.