Materialkurs 1: frå dei første menneska til slutten av bronsealderen ca. 500 f.Kr.
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- ARK131
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk/ engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet er obligatorisk i ein bachelorgrad i arkeologi.
Læringsmål
Emnet tek sikte på å gi ei innføring i arkeologiske funn knytt til steinalderen og bronsealderen i Midtausten og Europa.
Fagleg innhald
Emnet gir studentane ei innføring i dei viktigaste arkeologiske funntypane frå forhistoria til ca. 500 f.Kr. I tillegg til å identifisera og tolka funn, får studentane kunnskap om korleis arkeologiske funn skal handterast og analyserast.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten:
- har en grunnleggande oversikt over materiell kultur frå dei ulike periodane fram til 500 f.Kr.,
- veit korleis man kan identifisera dei viktigaste arkeologiske funna,
- har fått ei oversikt om korleis å handtera og analysera ulike funnkategoriar
Ferdigheiter
Studenten:
- kan arbeida med arkeologiske funn og gjera observasjonar om dei,
- kan vurdere materiell kultur frå ulik tid og ulike kulturar i samanheng
- kan identifisera arkeologisk materiale frå ulike periodar fram til 500 f.Kr.,
- kan knyta arkeologiske funn til dei kulturelle og sosiale endringane i dei ulike periodane fram til 500 f.Kr.
Generell kompetanse
Studenten:
- har kunnskap og ferdigheiter som er relevante for å følgja yrkesetikken i arbeid med kulturarvsmateriale,
- har kunnskap og ferdigheiter i å knyta fagrelevant materiale og informasjon til praksis
Studiepoeng, omfang
5 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår
Undervisningssted
UiB
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Gode kunnskapar i engelsk.
Studiepoengsreduksjon
Emnet har fullt fagleg overlapp med ARK110.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga går føre seg i andre del av semesteret. Undervisninga omfattar ca. 8 timars arbeid med arkeologisk materiale i grupper.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- 100 % deltaking på undervisninga er obligatorisk, men maksimalt eit oppmøte kan erstattast med ei ekstra oppgåve ved dokumentert gyldig fråvær.
- Innlevering av ei oppgåve: ei kort beskriving av eit utvald funnmateriale innan ein oppgitt frist
Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer
Eksamen i emnet er ein rapport på 1500 ord. Nærare retningslinjer blir gitt i Mitt UiB.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen greidd/ikkje greidd.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Instituttet utarbeider litteraturlister, pensum er om lag 500 sider.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluera emnet.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
AHKR har ansvar for fagleg innhald i emnet.
Administrativt ansvarlig
AHKR har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.