Kulturminne og forvalting

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Undervisninga har fem mål: Studentane skal få: (1) god kunnskap om kulturminne i høve til landskap frå ulike periodar, (2) studere faktiske kulturminne frå ulike periodar, og innsikt i skjøtsel av desse (3) innsikt i lovrelatert vern/forvaltning og sjå det i lys av verneteori og verneideologi (4) delegasjon av oppgåver i det offentlege forvaltingsapparatet, (5) innsikt i korleis ein formidlar fagkunnskapen til eit allment publikum og (6) røynsle med å arbeide i grupper.

Studiet er bygd opp kring dei sentrale elementa - natur, kultur og forvaltninga av kulturminne og kulturlandskap og formidling av kunnskapen om kulturminna. Emnet tar opp tilhøvet mellom menneske og dei landskap dei levde i førhistorisk tid og mellomalder. Emnet femner om teori som tek opp omgrep og ulike synsmåtar på landskap og dessutan empiri kring landskap og kulturminne frå både jeger-sankarsamfunn, tidlige jordbrukssamfunn og frå jarnalder og mellomalder. Ein tek også opp korleis fagkunnskapen om desse emna skal formidlast til eit allment publikum.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten kunne/vise følgjande:

Kunnskap

Studenten skal få fordjupa kunnskapar om kulturminne i høve til landskap frå ulike periodar, kunnskap om lovrelatert vern/forvaltning, delegering av forvaltingsoppgåver i det offentlege. Studenten skal lære å sjå dette i lys av verneteori og verneideologi og få kunnskap om korleis ein formidlar fagkunnskapen.


Ferdigheiter
Studenten skal ha innsikt i korleis ulike typar landskap har vore utnytta og forstått til ulik tider, innsikt i den politiske og praktiske bakgrunnen for kulturminneloven og korleis den praktiserast i dag, innsikt i ulike verneteoriar og ideologiar og bruk av ulike formidlingsmetodar.


Generell kompetanse
Studenten har generell innsikt i emnet, har røynsle med analyse av forholdet mellom kulturminne og landskap, har røynsle med formidling av kunnskapen til eit allment publikum, og har røynsle med å arbeide i grupper.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Undervisning kvart haustsemester

Undervisningssted

Ved UiB/ekskursjonar
Krav til forkunnskaper
Ingen formelle krav, utover opptak til masterprogrammet i arkeologi.
Anbefalte forkunnskaper
Gode kunnskapar i engelsk og grunnleggande kunnskapar i arkeologi.
Studiepoengsreduksjon
Fagleg overlapp med ARK302
Krav til studierett
Emnet er ope for alle som er teke opp på masterstudiet i arkeologi ved AHKR. Emnet er obligatorisk. Andre masterstudentar ved Det humanistiske fakultet kan søke om å få ta emnet.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsforma består av førelesningar, seminarer, ekskursjonar og gruppearbeid.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er eit krav at studentane møter på 70 prosent av undervisningstimane. Deltaking på ekskursjonane er obligatorisk. Ekskursjonane er kostnadsfrie, untatt mat. Det er og obligatorisk med ein munnleg presentasjon i gruppe (10-15 minutt) av ei oppgåve knytt til ekskursjonane.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsformer
5 dagars heimeeksamen på maksimalt 3500 ord.
Karakterskala
I vurderinga av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F (der F er stryk)
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Ca. 1000 sider
Emneevaluering
Undervisninga vil med jamne mellomrom bli evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Programansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.