Økologi: frå individ til økosystem
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- BIO201
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet gir ei innføring i grunnleggjande økologisk teori på individ-, populasjons- og samfunnsnivå. Livshistorieteori, populasjonsvekst, konkurranse, predator-bytte, parasittisme, diversitet, suksesjonar, artstrukturer, fordelingar i tid og rom, metapopulasjons- og samfunnsøkologi er viktige tema i emnet. Det blir lagt stor vekt på kvantitative analyser og skriving i emnet. Kurset skal gi eit økologisk teorigrunnlag og vise økologien sin relevans for samfunnet, for eksempel for kunnskapsbasert hausting av naturresurssar og forvaltning av andre økosystemfunksjonar og -tenester.
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten kunne/ha:
- Beskrive og forklare sentrale økologiske teoriar, begrep og modellar.
- Oppsummere enkelte økologiske metodar i felt og lab og diskutere nytten av modellering.
- Bruke nokon statistiske og numeriske metodar aktivt for å analysere økologiske prosessar.
- Identifisere og forklare koplingar mellom evolusjon, økologiske tilpassingar og økosystem sin funksjon.
- Diskutere relevante og anvendte økologiske tema i lys av økologisk teori.
- Skrive uavhengige tekstar om økologiske spørsmål med eit akademisk språk og format.
- Konstruere presise illustrasjonar og grafar over data, teoriar og siimueringar og trekke koklusjonar frå desse.
Undervisningssemester
Haust.
Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Frist for å melde seg til undervising i emnet er onsdag i veke 33 for haustsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag veka etter fristen.
Tidspunkt for første førelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.
Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning.
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Krav til studierett
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjende obligatoriske innleveringar.
Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester, det semesteret dei er godkjent og det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
Mappevurdering, som består av:
- Munnleg eksamen, utgjer 60% av total karakter.
- Skriftlege innleveringer, utgjer 40% av total karakter.
Munnleg eksamen må vere bestått for å kunne bestå emnet.