Feltkursundervisning

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet har som mål å gje studentane erfaring i undervisning og rettleie studentar i felt. I tillegg vil det gjennom for- og etterarbeid leggast opp til at studentane får eit bevisst forhold til undervisninga.

Kurset bestå av tre deler.

Del 1 - Oppstartsmøte:
Oppstartsmøte med førebuingar til jobben som undervisningsassistent. Her vil me gå gjennom kva sjølve jobben går ut på (kva som skjer på feltkurset og kva som er forventningane til assistentane), og gje ei kort pedagogisk innføring retta inn mot oppgåvene ein har som assistent på feltkurs.

Oppstartsmøte er torsdag 16. april kl. 13.00-14.00 i bioCEED-rommet i 3. etg i Bioblokk A. Se lenke til rommet i Mazemap: https://link.mazemap.com/4rtiDs3X

Del 2 - Feltkurs til Østerbø:
Den andre delen er at ein blir med som assistent på kurset i 2 veker (måndag-torsdag i veke 34 og 35). Oppgåvene på feltkurset inkluderer å hjelpe studentane med identifisering av dyr og planter, rettleiie studenter med prosjektoppgåvene, og ha ansvar for ei gruppe studenter i kvar feltveke. Oppgåvene til assistentane vil kunne variere frå veke til veke.

Del 3 - Rapport:
Den tredje og siste delen består i å skrive ein rapport med utgangspunkt i feltkurset og relevant faglig og pedagogisk litteratur. Temaet for rapporten vil bli diskutert med emneansvarleg. Aktuelle tema kan vere korleis spesifikke deler av feltkurset fungerer, forslag til korleis ein kan forbetre feltkurset eller korleis studentane opplever læringsutbyttet av hele eller spesielle deler av feltkurset. Emnet blir avslutta i haustsemesteret.

Spørsmål? Ta kontakt med studieseksjonen på e-post: studie@bio.uib.no.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten kunne:

  • Formidle kunnskap tilegnet gjennom biologistudiet til lågaregradsstudentar.
  • Beskrive ulike metodar for formidling av kunnskap og drøfte læringsmetodar og læringsutbytte av eit feltkurs.
  • Rettleie studenter i felt.

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår-haust. Emnet startar i slutten av vårsemesteret, og avsluttast i slutten av haustsemesteret.

Emnet har eit avgrensa antal plassar og inngår i undervisingsopptaket. Opptak til emnet er avgrensa og blir gjort på grunnlag av fagbakgrunn, karakterar og motivasjonsbrev.

Slik søkjar du:

  • Fyll ut dette søknadsskjemaet innan 6. april.
  • Du får svar på søknaden på e-post etter søknadsfristen har gått ut.
  • Studentane som får opptak vil bli manuelt meldt opp til emnet på Studentweb i etterkant av opptaket.
Krav til forkunnskaper
BIO102 Grunnleggjande økologi og feltmetodar, eller tilsvarande emne.
Anbefalte forkunnskaper
Obligatoriske delar av bachelor i biologi eller tilsvarande. Emnet er for vidarekomne bachelorstudentar, lektorstudentar og masterstudentar med solid bakgrunn i biologi.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi.
Arbeids- og undervisningsformer
Oppstartsmøte i slutten av vårsemesteret og to veker med feltkurs på hausten (veke 34 og 35).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking på undervisning.
  • Deltaking på feltkurs (2 veker).
Vurderingsformer
Mappevurdering: skriftleg rapport.
Karakterskala
Bestått/Ikkje bestått.
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?year=2017&faknr=12&;instnr=60">Studiekvalitetsdatabasen.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.