Global økolog og biodiversitet

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Menneske påverkar i aukande grad biologisk mangfald gjennom klimaendringar, arealbruksendringar, forureining, overutnytting av ressursar og introduksjon av framande artar. Det påfølgjande tapet av biologisk mangfald og degradering av økosystem svekkjer igjen menneskelege livsgrunnlag og velferd, mellom anna ved å undergrave moglegheita for å dempe klimaendringar. Dette emnet gir ei oversikt over oppdatert vitskapleg forsking på dei viktigaste pressfaktorane mot økosystem, og utviklingstrekk i ulike økosystemkomponentar knytt til desse pressa.

I første del av emnet skal studentane arbeide med nyare primærlitteratur for å tileigne seg kunnskap om den vitskaplege fronten innan tema som: økologisk resiliens, tap av biologisk mangfald og den sjette masseutryddinga, klimaendringar, rewilding og de-ekstinksjon, samt artspredning og biotisk homogenisering. Undervisninga vil skje gjennom førelesingar, lesesirklar og diskusjonar i klassen.

I andre del av emnet skal studentane utforske korleis slik primærlitteratur blir integrert og syntetisert for å informere internasjonal politikk, med særleg vekt på vurderingsprosessane i Det internasjonale naturpanel for biologisk mangfald og økosystemtenester (IPBES). Emnet gir ei grundig innføring i desse prosessane, og studentane får praktisk erfaring gjennom oppgåver og øvingar i klassen. Den endelege vurderinga skjer på grunnlag av ein skriftleg portefølje. Her skal studenten delta i ei arbeidsgruppe etter IPBES-modell, der dei kritisk vurderer nyare kunnskapsgrunnlag innan eitt av tema frå første del av emnet. Arbeidet skal munne ut i ei vurdering som identifiserer kunnskapshol og gir ei oversikt over forståingsnivået på ulike område. Tema for vurderinga skal avklarast med emneansvarleg før arbeidet tek til

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • skal kunne gjere greie for dei viktigaste faktorane som påverkar biologisk mangfald og endringar i økosystem (frå globale til lokale skalaer).
  • skal kunne forstå metodane som blir nytta for å etablere kunnskapsgrunnlaget om endringar i økosystem.
  • skal kunne forklare korleis globale vurderingar i grenseflata mellom vitskap og politikk (t.d. IPBES) blir utvikla og teke i bruk.

Ferdigheiter

Studenten

  • skal kunne vurdere og granske haldbarheita i påstandar om globale eller regionale trendar og drivkrefter knytt til biologisk mangfald og økosystem.
  • skal kunne synleggjere samanhengar mellom vitskapleg litteratur og vitskaplege vurderingar.

Generell kompetanse

Studenten

  • skal kunne presentere, forklare og diskutere globale og lokale endringar i biologisk mangfald og økosystem på ein vitskapleg og politikkrelevant måte.
  • skal kunne formidle vitskapleg kunnskap med relevans for politikk til ulike målgrupper.

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Grunnleggande emne i økologi, marine økologi, og berekraftsmåla 14 (liv under vatn) eller 15 (liv på land)
Krav til studierett

For å få opptak til emnet må ein ha studierett på eit masterprogram ved Fakultet for naturvitskap og

teknologi eller vere tatt opp til ph.d.-utdanninga, og i tillegg oppfylle forkunnskapskrava.

Anbefalt for studenter interessert i biodiversitet, evolusjon og økologi eller marinbiologi.

Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar, kollokviegrupper og diskusjonar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er krav om oppmøte på alle undervisningsaktivitetane.

Godkjende obligatoriske aktivitetar er berre gyldige det semesteret dei blir gjennomført. Obligatorisk

undervisningsaktivitet må vere godkjend for at studenten skal bli vurdert i emnet.

Vurderingsformer
Mappevurdering
Karakterskala
Karakterskalaen som blir nytta er A til F. Karakteren A er den høgaste ståkarakteren, medan F er ikkje bestått.
Vurderingssemester
Vår
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på

studierogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.