Norges natur - naturvariasjon, kunnskapssystem, kartlegging

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Målet med emnet Noregs natur er å gje studentane ei brei forståing av Norges naturvariasjon og dei kunnskapssystema vi nyttar for å kartlegga og vurdere tilstand og trendar i naturen. Emnet gir praktisk kompetanse og ferdigheiter i å kartlegge og vurdere areal etter naturtypesystemet Natur i Norge (NiN), i tråd med miljømyndigheitenes kompetansekrav. Emnet undervisast i tre bolkar. Bolk 1 gir oversikt over kunnskapssystema, inkludert relevant teori og eksempel på bruk i samfunnet. Bolk 2 er ein feltekskursjon som gir ferdigheiter i å identifisere og avgrense naturtypar etter NiN. Bolk 3 gir praktisk erfaring med naturtypekartlegging, datainnsamling, rapportering, og tolking. Studentane leverer kartleggingsrapport og skriv ein Wiki-artikkel over eit relevant sjølvvalt emne.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har oversikt over de viktigaste kunnskapssystema om norsk natur, korleis dei er bygd opp, og korleis dei nyttast i samfunnet
  • har kunnskap om dei terrestriske naturtypane i Noreg, og korleis dei formast av miljø, økologiske prosessar og menneskeleg påverking
  • forstår oppbygginga av og den økologiske teorien bak naturtypesystemet Natur i Norge (NiN)

Ferdigheiter

Studenten

  • beherskar feltkartlegging av vegetasjon ved hjelp av NiN
  • kan identifisera og avgrense naturtypar i felt på natursystemnivå og samle og behandle relevante feltdata, inkludert arts- og vegetasjonsdata
  • kan gjenkjenna strukturerande miljøgradientar i dei ulike naturtypane
  • kan produsere, tolke og vurdere digitale naturtypekart
  • kan anvende kunnskap om naturtypar til å beskrive og kategorisere eit areal
  • kan bruke dei norske kunnskapssystema om natur til å vurdere økologisk verdi og tilstand til eit areal

Generell kompetanse

Studenten

  • kan beskrive og vurdere naturvariasjon, tilstand og trendar i naturen
  • kan planlegge og gjennomføre datainnsamling i felt
  • kan vurdere og diskutere kunnskapsgrunnlaget bak samfunnet sine avgjerder om natur

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskaper
Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi

www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form seminar, feltekskursjon, datalab, og sjølvstendig arbeid

  • Seminar, 4 timar i veka i 5 veker (60 timar inkl. førebuing og etterarbeid).
  • Feltkurs: 5 dagar (80 timar inkl. førebuing og etterarbeid).
  • Feltkartlegging: 5 dagar (120 timar inkl. førebuing, datalab, og etterarbeid).
  • Arbeid med prosjektoppgåve, 40 timar
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Mandatory attendance at seminar (module 1; 8 out of 10 seminars)

Mandatory attendance at field trip (module 2; 5 days plus follow-up)

Mandatory participation in practical mapping (module 3; 5 days plus follow-up)

Production and publication of project paper (Wikipedia article)

Compulsory assignments are valid for 6 subsequent semesters.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Kartleggingsrapport, utgjør 40% av karakteren.
  • Prosjektoppgave, utgjør 30% av karakteren.
  • Muntleg eksamen, utgjør 30% av karakteren
Karakterskala
A-F
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen